Brevsamling
Dette er eit register over alle personar som er nemnde i Voss Ættesogelag si samling over amerikabrev. I tillegg finn du informasjon om "alle" dei andre som utvandra frå Voss før 1850.
Om me har brev der personen du har klikka på er omtala, vil du her finna eit nummer, som til dømes 1843/001. Talet 1843 i dømet viser at brevet vart skrive i året 1843 og 001 viser at dette er brev nummer 1 som er registrert i samlinga frå dette året (1843). Alle breva har eit slikt tresifta nummer i tillegg til årstal, for å identifisera brevet.
Hjelp oss!
Me ynskjer fleire brev i samlinga
Ta kontakt med oss om du har amerikabrev liggjande. Me ynsker å få ta kopiar av dei. Om du ynskjer å gje frå deg orginalane, tek me likevel kopiar av breva. Orginalane vil då verta levert til og innkludert i arkivmagasinet til Voss Folkemuseum. Anna materiale som omhandlar utvandring er òg av interesse.
Me samlar òg inn og tek vare på andre brev/skriv med tilknytning til Vossabygdene. Dette kan mellom anna vera gamle innanlandsbrev, brev frå andre stader i verda, skiftepapir, skøyte, vaksinasjonssettlar, husmannskontraktar, og mykje meir. Ta gjerne kontakt om du har slikt liggjane.
KONTAKT VOSS ÆTTESOGELAG
Kontaktperson :
Jan-Egil Mandelid (styremedlem) Tlf. 991 08 744
E-post :