Her finn du nokre gode råd til deg som er nybyrjar og vil finna ut meir om slekta.
1. Start med å notera ned det du sjølv veit om slekta.
Døme: foreldre, besteforeldre osv. sine namn og fødselsdatoar.
2. Spør slektningar!
Eldre slektningar veit heilt sikkert mykje - snakk med desse! Hugs - skriv ned opplysningane du får! For å få oversikt over opplysningane du har samla inn, kan det vera greit å nytta ei Anetavle .
Korleis koma vidare ?
Gå til dei skrivne kjeldene.
- ta i bruk bygdabøker/slektsbøker
- ta i bruk folketeljingar og andre kjelder på internett
Ta deg ein tur på møte i Voss Ættesogelag. Der vil du få hjelp til å nytta dei skriftlege kjeldene - og direte hjelp til å leita!
Finn ut meir om personar i slekta
- kven var dei?
- kvar budde dei?
- kva slags arbeid hadde dei?
- korleis såg dei ut?
Slike opplysningar gjer at du "vert litt meir kjend med personane".
Samla bilete av forfedrane dine!
Hjelpemiddel
Me håpar å kunna hjelpa deg litt i gang, ved å visa til SLEKT.NO si flotte side. Her finn du mange gode råd og tips som kan vera nyttige både for deg, enten du er nybegynnar eller litt vidarekomen som slektsgranskar.
Lenkjer til slektsgransing
- SLEKT OG DATA (tidlegare Dis-Norge) med gravminner
- Med lokallag. Oversikt over dataprogram for slektsgranskarar.
- Norsk slektshistorisk forening
- Familysearch.org
- Rootsweb.com
- Norsk lokalhistorisk institutt
- Digitalarkivet (med kyrkjebøker og folketeljingar m.m.)