Bygdebøker

Det er utgjeve fleire bygdebøker for Vossabygdene

"Vossaboki", i fire band, av Lars Kindem, vart utgjevne før andre verdenskrig (nytt opplag 1981).
Desse er no å finna på nettet, digitalisert på Stefan Ullstad si heimeside.

Arbeidet med nye bøker for Voss er i gang. Fyrste boka, band 1, kom ut i januar 2018. Boka er på kring 750 sider, med gards- og ættesoge, frå gardsnummer 1 Kolle - til gardsnummer 41 Raudstad, og kan kjøpast i Voss Bokhandel og Ark Bokhandel, Amfi Voss.

Ein kan tinga boka hjå Voss herad: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. . Prisen er kr 500 + porto.

For Evanger og Vossestrand som tidlegare var eigne kommunar, er det utgjeve eigne bygdebøker.

Er du på jakt etter lokalhistoriske bøker frå Voss?

Sjå lista nedanfor :

Voss Bygdeboknemnd - Bøker til sals :

  • (K.nr. 600) Gardssoge, Vossestrand (Oppheim); forfattar: Hellesnes T., Gjerdåker J. Pris 250,-
  • (K.nr. 601) Gardssoge, Vossestrand (Vinje); forfattar: Hellesnes T. Pris 250,-
  • (K.nr. 602) Gardssoge, Ættebok for Vossestrand (1971); forfattar: Lyngvær, Roald Pris 250,-
  • (K.nr. 603) Gamalt frå Voss, utgåver I - XVI (1969–84); Skriftnemnda GFV Pris 80,-
  • (K.nr. 603) Gamalt frå Voss, utgåve XVII (1985) v/utvandrarjubileet; Skriftnemnda GFV Pris 100,-
  • (K.nr. 603) Gamalt frå Voss, utgåver 1986–91; Skriftnemnda GFV Pris 80,-
  • (K.nr. 603) Gamalt frå Voss, utgåver 1992–96; Skriftnemnda GFV Pris 150,-
  • (K.nr. 603) Gamalt frå Voss, utgåver 1997–98; Skriftnemnda GFV Pris 160,-
  • (K.nr. 603) Gamalt frå Voss, utgåve 1999; Skriftnemnda GFV Pris 170,-
  • (K.nr. 603) Gamalt frå Voss, utgåver 2000–2002; Skriftnemnda GFV Pris 180,-
  • (K.nr. 603) Gamalt frå Voss, utgåver 2003–2006; Skriftnemnda GFV Pris 200,-
  • (K.nr. 606) Evangerboka 2 (gards- og ættesoge); forfattar: Schjærven L./Gjerdåker J. Pris 250,-

* Nb : Alle prisar med atterhald om mogelege endringar

 Bøkene kan tingast frå Voss herad, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.