Norsk-amerikanaren Anders A. Kvåle
har testamentert gåvor til Voss barneheim og Voss gamleheim.
Til styri for Voss barneheim og Voss gamleheim er det kome melding um at Andrew A. Quale (frå Kvåle i Gullfjordungen) som døydde i Chicago fyre jol, 84 år gamall, har testamentert gåvor til båe desse institusjonane. Kor mykje det er til kvar, er det enno ikkje kome melding um.
I fjor skipa han og kona eit legat på 37 000 kr. Til Voss gamleheim. Kona døydde i mars i fjor.
Kjelde : Avisa Hordaland
Frå Amerika til Voss barneheim og Voss gamleheim av Anders Kvales dødsbu.
Det er no kome melding um kor mykje den avlidne vossingen i Amerika, Anders Kvale har testamentert til Voss. Det er 10 000 dollar i alt, 5000 til Voss barneheim og 5000 til Voss gamleheim.
Det som er att av buet når dei ymse summar han har fastsett i testamentet er utbetalt, skal og gå til Voss, 2/3 til Voss barneheim og 1/3 til Voss gamleheim.
I fjor sende Anders Kvale og kona heim 37 500 kr. til eit legat for Voss barneheim. Dei 5000 dollar som no er gjevne, skal leggjast attåt legatet, som dermed vert auka til yver 50 000 kr. Og rentone skal gå til drift av heimen.
Dei 5000 kr. Som er gjevne til Voss gamleheim, skal og vera eit legat og rentone gå til drifti.
Alt i alt har Anders Kvale gjeve 75 000 kr. til heimbygdi. Det er so vidt me veit den største gåva som nokon utflutt vossing har kome heimbygda i hug med. Med det har han sett seg eit vakkert og varande minne.
Kjelde : Avisa Hordaland 23/1-1929.