Kolve, Marta (g.Selheim)

Marta Selheim 98 år.
Ei kvinne som ikkje klagar.

Marta Selheim var fødd på Kolve i Raundalen 3. august 1864. Ho fylte soleis 98 år i går. Ho er ei av dei eldste på Voss. Me hadde difor hug å ha ein samtale med henne, og me tok turen opp til Kraktveit, der ho bur hjå son sin, Klaus Selheim. Ho tek vel imot oss, rask i rørslone og kvikk i ordlag, ein skulde ikkje tru at ho kunde vera so gamal.

Ho fortel at ho er fødd på Kolve i Raundalen. I konfirmasjonsalderen miste ho mor si, og som eldste gjenta laut ho då ta hennar plass, og det var ikkje lett. Dei hadde ein heller tungvint gard og ho hadde sju syskin å stella om. 6 av dei var yngre enn ho sjølv. Men dei vaks til, so dei kunde litt om senn overta med arbeidet heime.

21 år gamal drog ho til Amerika. Ho var trulova med Ivar Selheim som var reist før. Den fyrste tidi var ho hjå Ivar Hustveit i Goodhue County i Minnesota. Han var farmar, lærar og klokkar. Kona hans heitte Brita og var frå Leidal. Var so hjå ein mann frå Bygd på Vossestrand og seinare på eit hotell i Red Wing.
Ivar Selheim og ho gifte seg i Amerika, og det var tanken dei skulde slå seg til der borte, men det synte seg han tolde ikkje klimaet, so dei laut reisa heimatt i 1888.

Dei budde fyrst eit år på Selheim, men sette so bu på Kraktveit, og Marta har budd der sidan. Garden er eit nogså tungvint småbruk, og det vart mykje slit. Men endå meir slitsamt vart det då mannen miste den eine foten. Han fekk eit tre over seg i skogen. Dei fekk 13 born. Av desse lever no 6 som bur på ymse stader kring i landet. Men Martahar havt ei sers god helse, og ho greidde det utrulege.

Når ho tenkjer tilbake, er ho glad og takksam for at ho fekk helse og krefter til å bera dei byrdor som vart lagt på henne, og ho er takksam for at ho har det so godt no og. Ho har ingenting å klaga over. Ho får mat og omvøla kvar dag, og ho har alt ho treng. Ho høyrer godt og har ikkje noko vondt. Det er berre det at synet har svikta noko i det siste. Men ho er interessert, og ved hjelp av eit godt leseglas, greider ho lesa, og ho er svært interessert i kva som står i «Hordaland» når det kjem, fortel sonen.

Elles fyl ho dagleg med i andaktene og gudstenestene i radioen. Ho synest det er ein god ting å ha radio på romet.

I sumar har ho vore med ute i slåtten og hjelpt til med å raka. Ho synest det er so godt å få vera med på arbeidet, segjer ho. Tidi vert ikkje so lang då.

Attåt dei 6 borni som lever, har ho 30 barneborn, og om lag 25 barneborn, og mange av desse kom for å helsa på henne i går og ynskte henne til lukke med dagen. Det er gildt å ha ei slik mor, bestemor og oldemor som er so nøgd og har slikt eit ljost og godt lag i all si ferd.
Me vil ogso ynskja henne hjarteleg til lukka med det høge åremålet og gode dagar dei som er att.

Kjelde : Avisa Hordaland 4/8-1962