Vedtekter for Voss Ættesogelag

Vedtekter for Voss Ættesogelag

Vedtekter vedtekne på årsmøtet for 2006.

Føremål

Voss Ættesogelag har til føremål å fremja interesse for gransking av slektshistorie i Vossabygdene. Vidare skal laget arbeida for å spreia kunnskap om og å skapa interesse for denne historia.


1. Medlemskap 

Medlemer av Voss Ættesogelag er alle som har betalt medlemspengar. Medlemspengane vert fastsett av årsmøtet. Alle medlemane har møte- og røysterett på årsmøtet.

2. Styret

Styret i laget vert utpeika ved val på årsmøte etter instilling frå valnemnda. Styret skal ha fem medlemer slik : Leiar, nestleiar, kasserar, skrivar og styremedlem. Leiar vert vald særskilt, dei andre oppgåvene fordeler styret sjølv. Styret held møte så ofte leiaren finn det naudsynt, eller når andre i styret krev det. For styremøta skal det førast møtebok. Er ein styremedlem usamd i vedtak, kan styremedlemen krevja å få innført korleis ho/han har røysta.

3. Styret sine plikter

Styret skal leia laget si verksemd i samsvar med vedtektene og vedtak som er gjort. Det skal utførast påliteleg rekneskapsføring. Styret skal syta for at det vert utarbeidd årsmelding og rekneskap.

4. Årsmøte

Innan utgangen av februar kvart år skal det haldast årsmøte. Årsmøtet skal kunngjerast i lokalavisa på førehand. Saker som medlemane vil ha opp på årsmøtet, må vera sendt til styret seinast ei veke før årsmøtet. Årsmøtet kan berre ta avgjer i saker som er oppsett på saklista i innkallinga. For møtet skal det førast møtereferat, som skal underskrivast av møteleiaren og ein medlem.

Årsmøtet skal handsama:

  1. Årsmelding
  2. Rekneskap
  3. Val av leiar
  4. Val av styremedlemer
  5. Val av revisor
  6. Val av valnemnd
  7. Innkomne saker

5. Valnemda si oppgåve

I styret i laget skal det vera fem medlemer. Ein av desse leiar, og fire styremedlemer. Leiar skal veljast for 1 år, kasserar og styremedlemer for 2 år. Andre val er for eitt år. Valnemnda skal ha 2 medlemer. Valnemnda skal ha ei innstilling til årsmøtet for alle verva som er på val - unnateke valnemnda.

6. Oppløysing eller samanslåing med anna lag

Oppløysing av laget kan berre gjerast på årsmøte, og krev 4/5 fleirtall av alle medlemane. Det same gjeld for samanslåing med anna lag. Ved samanslåing med anna lag, vert laget si eiga henda over til laget ein slår seg saman med. Ved vedtak om oppløysing av laget skal laget si eiga overførast til Voss bibliotek. Vedtektsendring.Vedtektene kan berre endrast på eit årsmøte. Framlegg til endring må vera sendt til styret seinast ei veke før årsmøtet. Endring av vedtektene krev minst 2/3 av røystene på årsmøtet.