Voss Ættesogelag har medlemsmøte omlag ein gong i månaden vår/haust/vinter. Møtestad er i kulturhuset på Voss, i lokala til Voss bibliotek.
Medlemskap i Voss Ættesogelag koster kr 200,- pr. år.
Ynsker du å melda deg inn i laget?
Ta kontakt med Marianne Bakketun
eller betal inn via nettbank til 3480.11.60060
På møta kan du leita opp slekt ved hjelp av m.a. bygdabøker, internett, og andre kjelder. Har du bruk for hjelp får du det.
For deg som har forfedrar frå Voss, er Liv Ystaas sine protokollar med alfabetisk oversikt over fødde/gifte/døde i Voss eit særleg godt hjelpemiddel.
Innimellom, på nokre av møta våre, brukar det i byrjinga av møtet å vera føredrag om forskjellige spennande tema.
På alle møta brukar me å ha ei sosial samling med kaffi/saft og kaker for dei som ynskjer det, med høve til "ein slektsprat".Ta deg ein tur neste gong det er møte – du er hjarteleg velkomen !
Organisasjonsnummer: 818170262
Kontonummer: 3480.11.60060