Lagshistorie

Lagshistorie

Så tidleg som i slutten av 1989 var det fleire på Voss, med jobb innan forsvaret, som hadde interesse for slektsgransking og for data. Dei var truleg opptekne av DIS-Norge som var på trappene og det å kunna hjelpa kvarandre med det praktiske arbeidet i slektsgransking. "Skipingsmøtet" eller val av interimstyret vart halde på Mølster 13. desember 1989, med mange frammøtte. Dei største pådrivarane i starten var Rudi Løken, Arne Kjell Slettemoen, Ulf Frøystein og Cato Hansen.

Konstituerande årsmøte for Voss Ættesogelag vart halde i Kinokjellaren onsdag 14. februar 1990. Utlysinga av dette møtet er underteikna "interimstyret".

Voss Ættesogelag sine medlemsmøter er vorte haldne både på Mølster(v/Voss Folkemuseum) og i kinokjellaren. På 90-talet byrja ein å nytta Voss bibliotek som fast møtestad. Med tilgang til kjelder som folketeljingar, kyrkjebøker, ættebøker, gardssoger og internett, har biblioteket vore ein god møteplass. Siste møtet me hadde i biblioteket sine lokale i Kyrkjebø, var 28/2-2006, som var årsmøte for året 2005.

På dette årsmøtet fortalde Liv Ystaas litt om opphavet til dei imponerande datalistene ho brukar å ha med på medlemsmøta - og som me i laget (og mange andre og) har hatt stor glede av. I arbeidet med å finna familiar, kom ho til kort med Kindem sine band med gardssoge. Rundt 1984-85 byrja ho å notera ned alle "uekte" born fødde i Voss (det vil seia born fødde utanfor ekteskap) - tilsaman rundt 2000 stykk. Seinare vart det naudsynt og praktisk å ta med ektefødte, gifte, døde, ut- og innflytta. Til og med dei som gjekk til alters vart notert ned! Mannen til Liv, Johannes Ystaas, la alt dette inn på data i eit dansk system, som og kunne brukast til å laga familielister. Resultatet vart imponerande, og mange har hatt gleda av det.

Liv Ystaas fortalde og om kor vanskeleg det var å tyda det som Münster hadde skrive i kyrkjebøkene. Han var sokneprest i Voss i tida 1828-1851. Liv sine "avskrifter" frå denne perioden er vorte revidert minst 4 gonger!

bolstad lite

Laget sin logo/lagsmerke vart teikna/laga i 2001 av Jan-Egil Mandelid. Motivet er eit slektstre.

Laget vart med på flyttelasset då Voss bibliotek flytta frå Kyrkjebø til Tinghus og Kino. Medlemsmøta vart så haldne i lokala på Tinghuset (kommunestyresalen og kantina).
Det nye biblioteket i Kulturhuset vart opna i januar 2011, og dermed hadde Voss Ættesogelag nok ein gong fått seg ny møtestad.

Hjelp oss:

Om du er medlem eller tidlegare medlem i laget, og synest det er noko meir som burde vera med når me her skriv lagshistoria, kontakt oss. Me saknar møtebøker, aktivitetsplanar o.a. frå tida før 1999, og medlemslister frå før 1990.