Øvsthus

ØFSTHUS postopneri,
på garden Reime, i Voss herred,
Hardanger og Voss fogderi,
under Bergen postkontor, i postruta Voss - Myrdalen,
vart oppretta den 1.1.1900. Sirk. 53, 20.12.1899.

Namnet vart frå 1.5.1907 skrive ØVSTHUS. Sirk. 25, 30.4.1907.

Postopneriet vart frå 31.1.1908 flytta til Reime jernbanestasjon.

Frå 1.7.1909 vart postopneriet lagt under Voss postkontor. Sirk. 32, 23.6.1909.

Fra 1.4.1927 igjen lagt under Bergen postkontor. Sirk. 12, 26.3.1927.

Navnet vart frå 1.8.1928 endra til REIMEGREND. Sirk. 30, 19.7.1928.

Postopneriet vart frå 1.7.1953 igjen lagt under Voss postkontor. Sirk. 17, 20.6.1953.

Ved etablering av nye poststadsgrupper vart postopneriet frå 1.11.1973 kalla underpostkontor,
Sirk. 41, 31.10.1973, og fekk frå 1.1.1977 status av postkontor C, Sirk. 35, 10.12.1976.

Postkontoret 5728 REIMEGREND vart lagt ned frå 1.9.1997. Ingen endring i postadressa etter nedleggelsen. Sirk. 22, 22.8.1997.

Datostempel av sveitsertypen med lukka stjerne vart tilsendt ved oppstarten.

(5728)
Poståpnere/styrere:
Lærer O. Skjerve 1.1.1900.
Korporal Nils Pedersen Brække 9.1.1900.
Stasjonseksp. Jens Aasen 31.1.1908.
Banevoktar B. Horvei midlertidig fra 19.11.1913.
Stasjonsmeister T. Rossow 28.1.1914.
Stasjonsmeister O. Huseby 23.9.1916 (f. 1876).
Overtatt av Norges Statsbaner fra 13.4.1926.
Landpostbud Dagny Vangen 1.12.1981 (f. 1950), mogelegvis kombinert styrar og landpostbud.

Dei fyrste kjente årlege postopnerløner var i 1900 kr 100,-, i 1909 kr 150,-, i 1912 kr 200,-, i 1914 kr 250,- .
Frå 1.7.1917 vart det gjeve midlt. dyrtidstillegg med 50% av løna.

Kjelde : Norges postmuseum