Veiso

Veiso
Gardsnummer/Farm No. 160 i Voss.

Kjelde/Source : Vossaboki, Band 3, side/page 509-514
                         Vossaboka, enno ikkje utgjeven (gardsnr. 141 og høgare)

 

Husmenn :
Folketeljingi 1865 har ført opp tre husmannsplass:
Veisekleivæ og to som heitte Veiseteigen.
På Veisekleivæ budde David Nilsson, omtala som eigar av eine bruket. David døydde 1874 og Anna, kona hans, 1882. Dei fekk på Hildestveiti borni: Anna f. 1828 og Guri f. 1830, og på Veiso borni: Per f. 1833 og Nils f. 1845, g. 1872 m. Anna Gudleiksdr. Holo. David var høg, tjukkbygd, grovlema og kraftig og ein god arbeidskar. Han åt for fire når han kom til med det, som det er mange sogur um. På Skjerve åt han soleis ein gong 16 store raspekakor kokte i søt mjølk. David var ein meister til å svarva treskåler.

På eine Veiseteigen, der som bruk 2 er no, budde Sjur Brynjulvson Ringheim f. 1822, g. 1. m. Marta Ivarsdr., død 1855, 31 år gl., 2. 1859 m. Brita Nilsdr. Uppheim, død 1860, 45 år gl., 3. 1872 m. Anna Håkonsdr. Lid f. 1833, død 1915. Sjur var skomakar, døydde 1898 og hadde borni Ivar f. 1850, Brynjulv f. 1852, og Brita f. 1848, g. 1875 m. Nils Klasson Selheim. Mor hans Sjur Brynjulvson, Brita Sjursdr., døydde som husmannskone 1873, 78 år gl.

På det andre Veiseteigplasset budde 1865 Gudleik Olavson som 1847 let bruk 1 til Olav, son sin. Gudleik var g. m. Brita Olavsdr. f. 1791 som døydde 1872. Han døydde 1874, 79 år gl. Hjå dei budde i 1865 sonen Olav og kona hans, Anna Torbjørnsdr., og deira dotter Guro f. 1856. Anna døydde 1910.

Olav Nilsson Møn, f. 1791, hadde og plass i Veiseteigen. Han var son til Nils Jonson Flatekvålsteigen og hadde ei tid vore lauskar på Møn. Faren som var smed, døydde medan Olav var liten, og det var mori som lærde han Olav til å smida, er det fortalt. Olav var sers flink smed og kunde laga allslags bunadsting. Han laga smidjestedar og skruvestedar, lås og vekter, og allslags bitjarn. Gamlola-bjødl'na var vidgitne. Det er fortalt at han kunde laga knivar som ikkje rusta. Fyrr laga dei smidjestedane av skrapejarn som dei kjøpte i askavis og som dei saud i hop. Han Olav laga ein tremodell som han reiste til eit jarnverk på Auslandet med og fekk støypt stedemne. Sidan fekk dei stedane derifrå. Då dei hogde skogen i Veiseteigen, fekk han Olav skatet, og det bygde han seg eit fint buahus av. Smidja som han hadde bygt seg på Møn, flytte han med seg åt Veiseteigen og sidan til Lid. I 1851 kjøpte han Brurestolen, men selde han att straks etter og flytte til Øvre Lid, bruk 3, der han budde til han døydde i 1869. Olav var gift med Brita Brynjulvsdr. Bryn, f. 1813. Ho døydde 1880. Dei var barnlause.

Elles har der vore desse husmannsfolki som me veit um på Veiso:
Per Knutson, g. m. Ragnhild Magnesdr., som fekk borni Guri f. 1840 og Odd f. 1843.
Knut Nilsson Odden, g. m. Marta Olavsdr. Bjørku var ei tid paktar, og hadde borni Ingebjørg f. 1860 og Guri f. 1863. Knut var f. 1829 og døydde 1882.