Ullestad

Ullestad
Gard/Farm No. 44 i Voss (Øvre Ullestad).
                  No. 45 i Voss (Nedre Ullestad).

Kjelde/Source : Vossaboki, Band 1, side/page 199-219

                         Vossaboka, Band II, side/page 53-85

 

Husmannsplassar på Ullestad :
Dordei og Torbjørg var "huskonor" i 1645.
I 1701 var der 2 husmenn: Olav Åmundson, 21 år gl. gift, og Gunnar Gjertson, 58 år gl. med sønene Knut 14 og Sjur 9 år gl.
På plasset Skoffotegroæ budde Lars i 1748. Plasset må ha lege ved Skoffotegroæ, som var namnet på groi ved Fleischers Hotell. Namnet Skoffotegroæ trur dei kjem av, at når folk kom og skulde til kyrkje, vaska dei føtene der i groi og tok på seg skoffotæ (sokkar og sko). Folk gjekk nemleg mykje berrføtte um sumaren i eldre tid.
I 1750 var det skifte etter husmannskona Guri Olavsdr. Mannen Berge Larsson levde etter henne. Ikkje born. Nils Styrkson, gm. Marta Johannesdr. er nemnd i 1779, Sjur Sjurson, gm. Eli Andersdr. er nemnd i 1779. Snikkar Gjert Henrik Pants, død 1811, gift 1780 med Kari Olavsdr. Brekke, budde på Snikkarrinden ved merket mot Finne. Vidare var desse husmenn: Skyss-skaffar Åmund Erlingson, død 1822, gm. Gudve Andersdr., Lars Sveinson, gm. Dordei Sveinsdr., nemnde 1833, Svein Knutson, gm. Synneva Steffadr., nemnd 1836 og 1831, då han laut bøta 20 rd. for å ha selt brennevin.

Sjur Kolbeinson fekk i 1830 feste på plasset Snytto. Nils Larsson, gm. Gjertrud Gusskalksdr. Vangen, var fyrst paktar fleire år på Ullestad, der foreldri hans tidlegare hadde vore paktarfolk. Frå 1834 til 1873 var han husmann på Snytto ved Snyttegroæ eller Fosshamargroæ, som groi og er kalla. Nils var best kjend under namnet Snytten, og dreiv mykje med slakting og selde kjøt på Vangen. Nils hadde vore med i krigen mot Sverike. Han fortalde at svenskane skaut alltid for lågt. Ein gong måtte han røma undan svenskane, og dei skaut etter han. Då såg han kor kulone rispa i bakken. Sistpå kom han seg inn i ein skog og var berga. Gustav Hellstrøm, gm. Brita N. Seim har sidan ikring 1886 butt der Snytteplasset var. Anders Åmundson var husmann og skyss-skaffar etter far sin, Åmund Erlendson, nemnd ovanfor, og budde der bruk 5 Rosenlund på gnr. 44 no er. Lars Sveinson Lydvo, gm. Eli Nikolaisdr. Vangen budde på plasset Bòkko frå umlag 1850. Han døydde 1889 og var mange år gravar og ringjar ved kyrkja. Borni deira var: Svein, Gudve, Nikolai, Ingjerd, Brita, Elsebø, Nils og Anna. Svein, g. 1867 m. Ingebjørg N. Lillegraven, er skomakar, sjå bruk 68 på Prestegarden, Gudve, f. 1847, var gm. Knut S. Helleve, sjå bruk 3 Skulestad. Nikolai, f. 1849, gm. Guro N. Hefte, var husmann på Kinne. Ingjerd, f. 1852, er ugift. Brita, f. 1857, gm. enkm. Anders T. Lirhus, som var husmann på Dukstad. Elsebø, f. 1855, var gm. gardmann Olav O. Takla. Nils var f. 1861. Anna, f. 1864, er gm. arbeidar Karl Henriksen.

Skreddar Knut Larsson Ullestad hadde stovehus på Øvre Ullestad sin eigedom, der bruk 12 no er. Knut var f. 1827, gm. Ingjerd Torgeirsdr. Mølster og døydde 1910. Dei fekk borni Lars, Kari, Torgeir, Eirik, David og Olav. Kari var gm. Arnfinn S. Finne. Torgeir gifte seg 1880 med Guri P. Lydvo. Eirik gifte seg 1. 1882 m. Ingebjørg G. Rokne, 2. 1918 m. Ingebjørg A. Gavle, er skreddar og har stove på Ringheim. David var snikkar og g. 1885 m. Marta P. Midttun. Olav, f. 1866, er reist til Bergen.