Skjerve
Gardsnummer/Farm No. 157 i Voss.
Kjelde/Source : Vossaboki, Band 3, side/page 476-484
Vossaboka, enno ikkje utgjeven (gardsnr. 141 og høgare)
Husmenn :
Erling Person f. 1651 var husmann 1701.
Mons fekk 1739 sonen Gudleik.
På plasset Skjersbød'n budde Olav Johanson, g. m. Helga Larsdr. som døydde 1742.
Ho hadde dotteri Guro Sjursdr. Johannes Øyulvson, g. m. Jorunn Olavsdr. døydde 1791 og hadde dotteri Sigvor. Eirik Larsson, g. m. Marta Gudleiksdr. døydde 1829. Sonen Lars f. 1803, g. 1831 m. Guro Larsdr. Skjerve f. 1807 fekk borni Eirik, Jon, Ingebjørg f. 1832- 1840, som alle reiste til Amerika.
Nils Torsteinson Tverberg, g. 1817 m. Anna Mikkjelsdr. Skjerve, fekk då plasset Skjersleite.
Ho døydde 1842, 70 år gl. Nils gifte seg att 1845 m. Jorunn Sjursdr. Finne. Ho hadde i 1842 med ein Eyvind sonen Olav som vart skulelærar i Raundalen. Nils var med i krigen mot Sverike og har namnet sitt på veteranbautaen. Nils døydde 1857, 68 år gl. og Jorunn gifte seg uppatt 1867 m. ekm. Herbrand Kjelson Takla.
Olav Steffason, g. 1822 m. Ingebjørg Kjelsdr. Takla var husmannsfolk før dei 1838 fekk bruk 3.
Dei fekk borni: Kari f. 1823 og Kjel f. 1831.
Knut Mikkjelson, g. m. Marta Larsdr. fekk dotteri Brita f. 1845.
Johannes Bårdson Byrkjeland f. 1829, g. m. Sigrid Torbjørnsdr., båe frå Kvam bygde og rudde seg plass i Kallhagen på bruk 1. Plasset er kalla Skjershuse. Johannes arbeidde sers fine hornskeior og tresko og var burte på gardane og laga tunnebònd av hatl. Sigrid døydde 1910 og Johannes 1914. Fem born: Bård f. 1861 bur på Bjørku, Soffi f. 1865, g. 1894 m. Ivar Styrkson Finne, sjå bruk 8 på Finne, Kari f. 1869, Sigrid f. 1871, Kristi f. 1876, g. 1909 m. Hermund Torleivson Seiland, Vossastr.
Ivar Johannesson Svartveit g. 1858 m. Jorunn Davidsdr. Istad, budde fyrst i Leiro på Bjørku og sidan på Bruplasse. Han var skreddar og ein meister til å nytta tøyet godt ut. Dei hadde på Bjørku og Skjerve borni: Johannes, skreddar og huseigar i Haugamoen, Kristina, Kari og Brita, fødde 1858-1868.
Åmund Sjurson Hornve, g. 1866 m. Anna Hansdr. Heimberde hadde sidan Bruplasset på Skjerve
og fekk noko som låg innåt av bruk 1 Bjørku der Åmund bygde og budde.
Han kjøpte sidan eit bruk i Hagen.
Sidan har det ikkje butt nokon på Bruplasset.
Mellom borni deira er Hans f. 1874 som er gardmann på Sygnaberde. Olav Samsonson f. 1822, g. m. Anna Knutsdr. f. 1826 i Hardanger hadde plass i 1865 og hadde døtterne Sigrid f. 1852 og Gyrid f. 1855. Murar Nils Olavson Froastad f. 1858 i Vikør, g. 1899 m. Anna Jansdr. Skjerve har no plasset Skjersleite og har bygt nye hus.