Saue
Saude
Gardsnummer/Farm No. 64 i Voss.
Kjelde/Source : Vossaboki, Band 2, side/page 383-392
Vossaboka, Band II, side/page 674-708
Husmenn :
Den fyrste me har namn på, er Arne Gunderson. Han døydde som ekm. 1746.
Gudleik Åmundson var g. m. Gjertrud Sjursdr. og døydde 1749. Ho døydde 1754.
Deira dotter Herborg f. 1746, gifte seg 1764 med Johannes Torkjelson Vetla Skiple.
I 1760-åri budde Abraham der og hadde sonen Tormod f. 1766. Han var husmann, g. m. Anna, Eilivsdr. f. 1757 og hadde borni: Brita f. 1792, Gudve f. 1794 og Abraham f. 1797.
Bård Eirikson og kona Brita Eiriksdr. budde der i 1780-åri, då dei fekk dotteri Arngunna f. 1785. Ivar Larsson og kona Mari Magnusdr. budde der, og fekk dotteri Herborg i 1779 og sonen Sjur i 1781.
I 1830-åri budde Knut Nilsson, g. m. Gjertrud Sjursdr. der og fekk i 1834 sonen Nils. Ei husmannskone, Marta Kolbeinsdr., er død 1843, 74 år gl.
Før Nils N. Saude fekk bruk 3, var det husmannsplass. Sjur og Anna budde der. Han dyrka mykje grønsaker, serleg nepor og fekk difor namnet Nepe-Sjur. Plasset vart oftast kalla Sjur-Anna-plasset.
Eit anna plass der kalla dei Botolvsplasset. Der budde Botolv Larsson, med kona Anna. Det er sagt at han skulde vera frå Rogne.
På Saudeshaugen bortimot Blikberget hadde Anders Davidhaug, g. m. Ragnhild En ei tid plass. Sjå meir um dei på En. Sidan budde Olav Sjurson der, g. m. Anna Knutsdr. f. 1818. Han var fødd 1804 og døydde 1881. Ho Anna var på sine gamle dagar hjå Knut, son sin, på Vangen og vart ikring 104 år gl.
På Nigardsplasset budde Nils Romslo.
I Fargarehaugen hadde Olav Åmundson plass. Han var fødd 1820 på Kvåle i Rd., g. m. Marta Nilsdr. Kvåle og døydde 1895. Dei hadde mange born. Olav var lenge formann i Voss Indremisjonsforeining, heldt ofte uppbyggjingsmøte. Han dreiv med farging og persing åt folk. Eldste sonen Nils hadde plass ved sida av plasset åt foreldri. Seinare vart han huseigar og handelsmann i Haugamoen, sjå bruk 19, gardsnr. 192.
No er det berre eit plass på Saude, det er i Katturna. Der bur Jens Hovland g. m. Maria Nilsdr. Han har vore mykje på hellearbeid.