Rykke
Rykkje
Gardsnummer/Farm No. 91 i Voss (Øvre Rykke).
No. 92 i Voss (Nedre Rykke).
Kjelde/Source : Vossaboki, Band 3, side/page 66-79
Vossaboka, Band III, side/page 495-571
Husmenn på Øvre og Nedre Rykke :
Nedre Rykke har teigen Odden nedanfor Møn. Bruk 1 eig Nedre Odden og bruk 2 Øvre Odden. Der har i lange tider butt husmenn. Gudleik budde der 1734, då han fekk sonen Olav. På Øvre Odden budde Nils Jonson frå Skylje f. 1795, g. m. Anna Knutsdr. f. 1799. Dei hadde borni: Knut som budde på Veiso, Anna død ugift og Jon f. 1838, død ugift 1913. Jon og Anna hadde plasset etter foreldri. Sidan budde Gunnar Fykse der, seinare sjølveigar på Lid, Kv. Knut Gudleikson Århus fekk so plasset. Sonen Helge ervefeste det i 1927, sjå bruk 14. På Nedre Odden har butt i seinare tid Andreas Mala, skreddar Ivar Skjerve og Anders Semelingen, men berre nokre år kvar.
Der var og eit plass Hòle på eigedomen åt bruk 1. Der budde i 1870-åri kårmann Lars Torsteinson Mæringi, som 70 år gamal gifte seg i 1869 med Brita Torbjørnsdr. Rene.
Fleire av nedanfor nemnde husmenn har nok butt i Odden, men for dei fleste vantar oppgåve om kva plass dei har havt. Johannes Nilsson, g. m. Signy Levordsdr. var husmann då dei fekk dotteri Gunnhild i 1727. Kåre Knutson, g. m. Synneva Andersdr. fekk sonen Ivar i 1730. Ein husmann Anders Jonson døydde 1763, 86 år gl. Rasmus Rasmusson Skjeldal, g. 1. 1750 m. Elisabet Oddsdr. Rykke budde på Rykkjesbød'n då dei fekk borni Jakob f. 1751, Brita f. 1754 og Jakob f. 1758. Knut Knutson, g. m. Brita Andersdr. fekk dotteri Marta i 1785. Husmannen Anders Nilsson, g. m. Anna Vikingsdr. døydde 1790 og hadde to born: Nils f. 1784 og Brita f. 1786.
Olav Åmundson, g. m. Herborg Tormodsdr. døydde 1792. Det var tri born etter dei: Johannes, Brita og Synneva, fødde 1768-1776. Anders Magneson f. 1754 var g. m. Arngjerd Steffadr. Bjørku og døydde 1800. Fem born: Magne, Steffa, Mons, Gjertrud og Olav, 19-6 år gamle i 1800. Ivar Erlingson døydde 1841, 42 år gl. Erling Knutson, g. m. Gjertrud Andersdr. fekk sonen Anders i 1822. Torbjørn Hermundson, g. m. Gudve Knutsdr. fekk sonen Knut 1839. Lars Bjarneson, g. m. Barbrå Arnfinnsdr. hadde borni Bård f. 1858 og Kari f. 1862.
I 1865 var det tre husmenn på Nedre Rykke:
Olav Knutson, 52 år gl. og kona hans, Ingebjørg Knutsdr., 54 år gl. med dotteri Kristi, 14 år gl.,
jenta Kari Olavsdr., 47 år gl. med dotteri Guri 18 år og fosterson Anders Knutson, 2 år gl.,
Seinare har det vore desse husmannsfolki på Rykke:
Jon Knutson, g. m. Ragnhild Persdr. og borni Knut f. 1872 og Per f. 1874.
Halldor Olavson, g. m. Sisselja Eiriksdr., som hadde borni Lars f. 1878 og Steffa f. 1881.
Johannes Olavson f. på Kvåle, 1855, g. 1883 m. Brita Olavsdr. Bjørku har plass på bruk 1 Nedre Rykke og driv med skreddararbeid.
Sjur Midtun fekk ikr. 1900 plass på bruk 2 Øvre Rykke ovanfor Palmafossen skule og bur der.