Opeland

Opeland
Gardsnummer/Farm No. 162 i Voss.

Kjelde/Source : Vossaboki, Band 3, side/page 518-526
                         Vossaboka, enno ikkje utgjeven (gardsnr. 141 og høgare)

Husmenn :
Det var to husmenn i 1701:
Nils Sveinson f. 1645 og enkja etter Torstein med fire born: Lars, Atle, Knut og Anders f. 1686-1690.

Arne Hagtorson, g. m. Torilda Torbjørnsdr. fekk sonen Knut i 1728.
Velom Knutson fekk 1733 sonen Bjarne.
Per Asbjørnson, g. m. Ingjerd Olavsdr. fekk dotteri Synneva i 1720.
Hollgeir Monsson, g. m. Kari Johannesdr. døydde 1760, 50 år gl. og hadde tri born etter seg: Johannes, Mons f. 1742 og Gjøa f. 1735, g. 1773 m. ekm. Trond Mattisson Midt Skutle.

På plasset Opelandskjødnæ budde Åmund Johannesson, nemnd ovanfor, g. 1726 m. Synneva Ivarsdr., som døydde 1772. Åmund døydde 1790, 85 år gl. og hadde tri born: Magli f. 1727, Anna f. 1732, g. 1776 m. Knut Brynjulvson Graudo, Olav f. 1737. Knut og Anna feste plasset Opelandskjødnæ i 1784 av bruk 1 og 2. Anna døydde 1807 og Knut gifte seg att 1808 m. Sigrid Ivarsdr. Kinne som døydde 1847, 91 år gl. Han døydde 1842, 92 år gl. utan born.

Olav Åmundson, g. m. Herborg Tormodsdr. som døydde 1792, fekk tre born:
Brita f. 1770, Synneva f. 1775 og Johannes.
Brynjulv, g. m. Gudve Halledr., som døydde som enkje 1792, hadde fire born:
Halle Kinne, Knut, nemnd ovanfor, Anna som var enkje i 1792 og Halldis, g. m. Lars Olavson Langeland. Ingebjørg Olavsdr. fekk 1853 husmannsfeste. Helge Jakobson Vele f. 1841 i Evanger var g. 1863 m. Marta Larsdr. Helland og døydde 1917. Ho døydde 1926. Han var mange år vegvaktar på Hardangervegen. Dei hadde borni: Jakob, Olav, Lars, Nils, Kari, g. m. Jon Brekkhus, Helge, Rannveig og Nils d. y. Fem av dei er i Amerika.

Forutan dei ovanfor nemnde som har butt på plasset Opelandskjødnæ, har det vore etternemnde husmenn på Opeland:
Lars Andersson, g. m. Marta Mikkjelsdr., som i 1781 fekk dotteri Brita.
Knut Brynjulvson, g. m. Ingebjørg Torgeirsdr. fekk 1786 dotteri Sigrid.

I 1801 var det forutan førr nemnde Knut Brynjulvson tre andre husmenn:
Odd Person f. 1733, g. m. Brita Eiriksdr. f. 1737,
Olav Person f. 1733, g. m. Synneva Andersdr. f. 1737 og
Godvin Eirikson f. 1744, g. 2. 1801 m. enkja Ingerid Olavsdr. Tverberg
og hadde med henne sonen Olav f. 1783.

Sjur Olavson, g. m. Marta Jørgensdr. som døydde 1818, 45 år gl. og hadde dotteri Kari.
Sjur gifte seg att m. Guri Eilivsdr. Bjørgo og fekk borni Marta f. 1819, g. 1843 m. Sjur Brynjulvson Fletre f. ikring 1811 og Olav f. 1823. Sjur Olavson døydde 1856, 70 år gl. og Guri 1847, 66 år gl. Olav Nilsson Møn fekk husmannsfeste i 1845.

Åmund Brynjulvson f. 1780 fekk husmannsfeste i 1811.
Han var med i krigen mot Sverike, døydde på Austlandet 1814
og er på Veteranbautaen skriven for Trå.
Brynjulv Åmundson vart husmann etter at han hadde slutta som gardmann på bruk 2. Brynjulv Knutson f. 1807, g. 1831 m. Brita Knutsdr. Ringheim, var husmann på Opeland 1831-1839 og var sidan gardmann på Grovu. Sigrid Knutsdr. Opeland f. 1803, dotter til K. Brynjulvson, var g. 1. m. Jakob Ingebriktson frå Valdres, 2. 1845 m. ekm. Nils Andersson Grovu og 3. 1868 m. ekm. Olav Hermundson Grovu på Jerald. Sigrid hadde med Jakob borni: Sjur Haugateigen, husmann, Jakob Istad, husmann, Knut Grovu, Steinbruhaugen, handelsmann.

Olav Ivarson, g. m. Marta Larsdr. fekk 1837 dotteri Kirsti. Lars Larsson, g. m. Anna Knutsdr. fekk 1849 dotteri Maria. Gitle Knutson, g. m. Herborg Gudleiksdr. fekk 1851 dotteri Herborg. Knut Eilivson døydde 1853, 59 år gl. Knut Brynjulvson døydde 1860, 81 år gl. Folketeljingi 1865 har ført upp tri husmannsplass: Hagen, Opelandskjødnæ og Øyjoræ. Lars Håvardson f. 1813, g. m. Ragnhild Nilsdr. f. 1820 budde i Hagen. Han døydde 1904. Stova og innbuet deira brann 1877. Han Lars var flink til å lagga og ein meister til å laga fine smørembrar.

Ingebjørg Nilsdr. f. 1799, som var enkja etter Knut, hadde plasset Opelandskjødnæ som ho fekk feste på i 1853. Etter dei kom Johannes Eliasson, sjå bruk 5. Lars Gudleikson f. på Jernes 1811 døydde som ekm. 1896. Det har og vore to plass som ikkje er nemnde ovanfor: Sigvorplasset der berre husmuren står att, og plasset Storedalen, der siste husmannen heitte Olav.