Melve
Gardsnummer/Farm No. 94 i Voss.
Kjelde/Source : Vossaboki, Band 3, side/page 85-90
Vossaboka, Band III, side/page 588-598
Husmenn :
Knut Monsson var husmann 1766 og fekk då dotteri Ingjerd.
Mikkjel Larsson, g. m. Atla Larsdr. fekk dotteri Torbjørg i 1777.
På Rosteigen rudde ein Halldor og budde der som husmann.
Halldorsteigen vart denne teigen ofte kalla sidan.
Uppe i utmarki i Olatræhòlo brende han tjøre under Tjørebræhedler'n og der ligg kol att enno.
Halldor døydde ikring 1858. Sidan har ikkje nokon butt på plasset.