Løno
Løne
Gardsnummer/Farm No. 66 i Voss (Vestre Løno).
No. 67 i Voss (Austre Løno).
Kjelde/Source : Vossaboki, Band 2, side/page 395-407
Vossaboka, Band III, side/page 24-73
Husmenn på Løno (Vestre og Austre) :
Blikberget hadde før 1847 vore husmannsplass i lang tid (sidan bruk 3 Vestre Løno).
Der hadde butt m. a.: Per Eirikson f. 1648, g. 2. 1724 med Ragna Larsdr. Halsteinsberg og døydde 1744. Berge Person f. 1690, g. 1. 1725 med Brita Larsdr. Høyland, 2. 1774 med Ingebjørg Nilsdr. Løno og døydde 1778. Dotter hans med Brita, Ingebjørg, var g. 1751 med Lars Åmundson Saude. Torgeir Kolbeinson Hommedal, g. 1779 med ek. Ingebjørg Nilsdr. nemnd ovanfor. Ho døydde 1801, 101 år gl. Han vart g. 2 1801 med Guro Vikingsdr. Grjotland og døydde 1817. Brynjulv Halldorson budde der etter at han hadde late bruk 1 til son sin. Ragnhild, enkja hans, budde og på Blikberget, men ved dom av stiftsoverretten vart ho dømd til å flytta derifrå av di ho ikkje hadde betalt svarelsen for plasset. Ho skulde vera haldi for trollkvinna og vilde læra sonakona si upp i trollskap. Det gjekk ikkje og han Halldor betalte henne noko for at ho skulde flytta derifrå med alt sitt trollskap, er det fortalt.
Forutan tidlegare nemnde husmenn, var det to på Løno i 1701: Per Eirikson f. 1654 og Johannes Nilsson f. 1649. Per hadde sønene Eirik f. 1689, Knut f. 1692 og Berge f. 1698. Johannes hadde sønene Nils f. 1691, Svein f. 1693 og Anders f. 1698.
Folketeljingi i 1801 har to husmenn, Lars Hollgeirson f. 1757, død 1804, g. m. Ingeleiv Torgeirsdr. f. 1759, død 1846, Olav Sjurson f. 1766, g. m. Ragnhild Hallvorsdr., Per Knutson, g. m. Ragnhild Magnedr., nemnde 1837 og 1852, Styrk Larsson, g. m. Ingebjørg Torgeirsdr., nemnde 1844.
Jon Larsson hadde plasset Lønahaugen, var f. 1796, g. 1835 med Gjertrud Eiriksdr. Høyland og døydde 1874. Lars Andersson, g.m. Brita Andersdr., nemnde 1836, hadde plasset Hjedl'n, men reiste til Amerika. Tidlegare skal der og ha butt nokon der.
Eit plass Nyeteigen låg nede mot Lønasagi. Nokon av dei ovanfor nemnde må vel ha butt der.