Lid (i Kvitli)

Lid
Lie
Gardsnummer/Farm No. 189 i Voss, Øvre Lid
                                  No. 190 i Voss, Nedre Lid

Kjelde/Source : Vossaboki, Band 4, side/page 128-152
                         Vossaboka, enno ikkje utgjeven (gardsnr. 141 og høgare)

Husmenn :
Olav Lid var husmann i 1711.
Ein annan Olav fekk 1770 sonen Samson. Olav Larsson, g. m. Synneva Knutsdr., døydde 1791 og hadde tre born: Lars, Knut og Anna f. 1748.

Guri Sjursdr. døydde 1806 som husmannskone barnlaus.
Knut Nilsson døydde 1820, 62 år gl.

Sjur Andersson Øvre Lid f. 1783 døydde 1827.
Enkja Guri Nilsdr. levde att med tre born: Ingebjørg, Gunnbjørg og Anders f. 1819-1824.

Torgis Knutson, g. m. Sigvor Persdr., fekk sonen Per f. 1843.
Brynjulv Steffason hadde borni Steffa og Sigvor og truleg fleire. Ho gifte seg 1854 m. Mikkjel Knutson Skjeldal. Steffa vart g. 1846 m. Eli Nilsdr. Sonve og fekk 1847 husmannsfeste. Dei fekk borni Knut, Marta og Anders f. 1850-1853.

Erling hadde plasset Liabødn nedanfor den gamle postvegen ved Brynamerket.
Sidan budde Brynjulv der og hadde plasset til 1840-1850-åri.
Han hadde to born: Ingebjørg og Eirik som vart gardmann på Bø i Tjukkebygdi (bruk 4).
Gjenta Guro Nilsdr. f. 1806 hadde plasset i 1860-1870-åri.

Lars Andersson Takla f. 1811, g. 1839 m. Anna Brynjulvsdr. Fletre f. 1811, var husmann fyrst i Takladokkjæ, deretter 19 år på Helgaset, hadde so nokre år gard på Kolvu og budde sidan i Lekvebakkane og er omtala på Lekve. Dei hadde dotteri Anna f. 1841.

Gitle Nilsson Fenno f. 1826, g. 1851 m. Brita Herbrandsdr. Takla budde so på Helgaset.
Han var sers god til å øksa og saga timber med handsag (timbersag).
Gitle døydde 1897, Brita 1915 og hadde borni: Nils (Amerika), Anders død ugift, Inga (Amerika), Marta, g. m. Karl By, Lærdalsøyri, og Brita f. 1874.
Helgasetplasset er no bruk 16 Nedre Lid.

På Nedre Lid har i gamal tid vore eit plass uppe under Skutlesvegen.
Tuftna heiter ein stad i Geilo på Øvre Lid (no bruk 7) der det var husmann i kring 1830.
Stadnamnet Humlagar'n i Geilo syner at husmannen der har havt humlagard.