Lekve

Lekve
Gardsnummer/Farm No. 47 i Voss.

Kjelde/Source : Vossaboki, Band 1, side/page 223-256

                         Vossaboka, Band II, side/page 108-122

 

Husmansplass på Lekve :
Jens er i 1611 skriven som husmann eller øydegardsmann.
I 1728-1732 er Lars Endreson husmann, gift med Marta Olavsdr., og i 1735 Nils.
På plasset Rognsgarden budde 1756 til 1780 Mattis Larsson. Han var fyrst gift med Gunnhild Olavsdr., som døydde 1779. Same året gifte han seg med Magli Larsdr. Han var smed. Fleire gonger er han stemnd for retten av di han har vore ute i slagsmål. Det er fortalt at presten ofte kom upp til han Mattis og gav seg i prat med han. Smeden tykte det gjekk for ofte på, og at han vart mykje burtheft. Ein dag han såg presten koma, tok han noko gloande kròkor or avlen og la utanfor døri, der presten var van til å stå. Kròkone hadde ikkje forvel svartna då presten kom. Han tok som vanleg til å prata, men den venda vart han ferdig i snare laget har han Mattis fortalt. Mattis døydde 1780 og hadde 7 born med fyrste kona. I 1786 var Mons Larsson og Brita Knutsdr. husmannsfolk.

Knut Larsson og Anna Oddsdr. er omtala oftare som husmannsfolk på plasset Rognsgarden
i åri 1784-1793.
Lars Andersson, gm. Anna Sylfestdr. Fletre hadde plass ei tid på Lekve, der han døydde 1876, 75 år gamal. Ho Anna gjekk vanleg under namnet Helgaseto, av di dei hadde butt ei tid på Helgaset ovanfor Dale. Ho var god til å doktera, helst for svullar og sår. Det var serleg med grautumslag ho var so svær. Ho var og flink til å doktera krøter og då helst når det trongst hjelp under kalvingi. Ho hadde lese seg til det ho kunde med doktering, og hadde mykje søknad. Anders Larsson Mosafinn gm. 1. Gunnvor Larsdr. Norekvål og 2. med Margreta Torsteinsdr. Saude, var husmann i 1860-åri og til 1871, då han kjøpte gard på Takla. På Skarvet budde Olav Olavson og Anna Olavsdr. i 1850- og 1860-åri. Dei reiste til Amerika i 1873. Sjå vidare bruk 123.