Kvarakvål

Kvarakvål
Gardsnummer/Farm No. 117 i Voss.

Kjelde/Source : Vossaboki, Band 3, side/page 253-262
                         Vossaboka, Band III, side/page 350-366

 

Husmenn på Kvarakvål :
Johannes Ingebriktson f. 1645 er fyrste husmannen me veit um på Kvarakvål.
Han budde der i 1701, men i 1723 var der ingen husmann.

Askjel Torgeirson, g. m. Steinvor Jørgensdr. var husmannsfolk då dei 1772 fekk dotteri Elisabet og 1776 dotteri Brita.

I 1788 har husmann Anders Larsson, g. m. Marta Andersdr., havt sonen Anders til dåpen.
Kvar desse husmennene har butt på Kvarakvål, veit me ikkje.

Nedste parten av Morsteigen har vore teke til husmannsplasset Svartaberg.
Mons Ivarson sette i 1795 plasset burt til Sjur Larsson f. 1756, g. m. Johanna Persdr. f. 1746.
Han døydde 1828, ho 1827, og dei hadde tre born: Per f. 1785, Lars og Gudve.
Per var godt skrivefør, var med i krigen mot Sverike og budde seinare i Bergen, der etterkomarane hans skriv seg for Pedersen. Sonasons dotter hans er g. m. verksmeister Knutsen i Bergens Gassverk. Lars var med på kanonbåtar og døydde der. På Veteranbautaen er namnet hans Per, men ikkje hans Lars. Systri Gudve gifte seg 1819 m. Mikkjel Person En og fekk i 1828 husmannsfeste hjå Ivar Monsson på Svartaberg. Gudve døydde 1837, 58 år gl. og Mikkjel gifte seg att 1838 m. Gunnvor Knutsdr. Ullestad f. 1806. Mikkjel døydde 1852, 67 år gl.

Seinare hadde desse plasset:
Knut Nilsson Hegg (Heggjahaugen) som reiste til Amerika,
Nils Brattåker før han kjøpte Brattåker og Anders Nese, seinare husmann på Nese, Hegle.
So kom Knut Bjarneson Eggjareid, g. 1846 m. Rannveig Sjursdr. Kleivane f. 1825.
Knut døydde 1863, 43 år gl. og ho Rannveig gifte seg att 1865 m. Isak Larsson Lemme, fødd på Stampehaugen, Klyve. Dei budde sidan på Byrkjo hjå dotteri Gjertrud Knutsdr. som vart g. m. Knut Larsson Lid på Byrkjo.

Olav Kvarakvål kjøpte Svartaberget i 1885, sjå bruk 3.

På Krakktveit har vore husmenn tid til onnor.
Den fyrste me veit um, er Kolbein Nilsson som i 1801 fekk feste på plasset.
Han var f, 1744, g. m. Synneva Steffadr. f. 1744.
Ein gong han Kolbein kom med ei stor høybyrde og det kom ei sterk regnflod, sette han seg under ein stor stein ved husi på garden. Då regnbya ikkje gav seg, gjekk han inn i stova ei stund. Komen ut att synte det seg at steinen som var stor som eit hus, hadde kanta, og dei såg berre i endane på toget. Det lever enno folk som fortel at dei har sett desse togendane. Kolbein miste armen sin av kolbrand. Lars Istad stelte um han og tok av armen. Det var fyrr han hadde fått lov til å doktera, og han laut difor under forhøyr i Bergen, men vart frikjend sidan han hadde berga Kolbein frå døden.

Det gamle Krakktveitplasset hadde fleire småteigar kring på garden.
Krakktveitplasset som no er, vart sett burt i 1850-åri til Olav Olavson Bygd, f. 1804,
g. m. Gjertrud Olavsdr. og døydde 1867. Ho døydde 1881.

Ivar Klasson Selheim bygsla so plasset. Han er g. m. Marta Arnesdr. Kolvu og dei bur der no. Krakktveitplasset hadde frå gamalt brunn i utmarki åt Nedre Graudo, der vatnet var so jarnhaldigt, at det vog to merker meir for kanna enn vanlegt vatn. Sume reisande som vilde til Sverrestigen, drakk av vatnet og sume tok med seg på ei flaske av det.

I 1870-åri fekk Anders Anderson Klyve plassteig på Kvarakvål og bygde der, men reiste snart til Amerika. Foreldri hans, Anders Jonson Kvitno, g. m. Anna Samsonsdr. flytte då frå det gamle Klyvshusplasset til plasset etter sonen Anders. Anders Jonson døydde 1877, 78 år gl. Deira døtter Brita og Marta hadde noko av plasset. Marta reiste til Amerika og Brita er død 92½ år gl.
Per Olavson Mæringi bur der no.

På Kvarakvål har og vore ein husmann Knut Nilsson, g. m. Anna Olavsdr. som fekk døtterne Anna i 1856 og Ingjerd 1857.

Anders Torsteinson Mo frå Lærdal, f. 1812, g. 1867 m. Ingerid Andersdr. Kyte,
dyrka seg upp ein teig og er skriven som husmann.
Han var sterkt religiøst interessert og tala ofte på uppbyggjingsmøte.
Det vart bygt eit lite bedehus til møti truleg etter upptak av Anders. Huset er sidan brukt til sundagsskule og kvinneforeiningar. Anders døydde 1894 og Ingerid 1922.
Deira dotter Gjertrud vart g. m. Lars Oddson Klyve.

Mons Sylfestson fødd på Takla 1669 og oppalen på Ygre, har butt 16 år på Kvarakvål,
men det er ikkje sagt anten det var som husmann eller leiglending.