Hylle

Hylle
Hydle
med Lae
Gardsnummer/Farm No. 110 i Voss.

Kjelde/Source : Vossaboki, Band 3, side/page 184-195
                         Vossaboka, Band IIII, side/page 195-212

Husmenn :
Styrk Larsson var husmann på Lae i 1701.
På Hylle er då ført upp Anders Helgeson, 13 år. Faren var husmann, og må vera død nyleg.
I 1723 var der ingen husmann.

Mons Kåreson vart i 1766 dømd for tjuvri av ein hest og to andre tjuvri til å betala dobbelt opp det han hadde stole. Han skulde dertil «stryges til kagen og bære tyvsmerket på panden.»
Halve buet hans skulde gå til kongen. Det var upplyst at Mons åtte ikkje noko anna enn dei usle fillone han gjekk i.

Brynjulv Steffason, g. m. Ingebjørg Knutsdr. var husmannsfolk og fekk i 1825 dotteri Synneva.

Nils Johannesson Tveiti f. 1830, g. 1862 m. Gudve Olavsdr. Fenno hadde plasset Hydleshagen hjå bruk 2. Seinare var han husmann på Nedre Fenno. Eldste sonen Olav f. 1862 vart gardmann på Fenno. Andre sonen, Johannes, f. 1868, g. m. Marta O. Moen var skreddar, budde på Vangen og er død.