Helleve
Helleved
Gardsnummer/Farm No. 96 i Voss.
Kjelde/Source : Vossaboki, Band 3, side/page 94-103
Vossaboka, Band III, side/page 608-630
Husmenn på Helleve :
Olav Henrikson, g. m. Eli Henriksdr. fekk på Helleve borni Brita i 1785, Viking i 1789 og Endre 1782.
Anders Eirikson f. 1750, g. m. Marta Olavsdr. var husmannsfolk i 1801
og hadde då fire born: Bryttva, Olav, Eirik, Olav 10-2 år gamle.
Anders Larsson, g. m. Synneva Olavsdr. fekk dotteri Eli i 1822. Dei hadde plasset Sjondarhaugen hjå bruk 3. Han har og vore kalla Avulskehaugen og sume tider Mjølstølshaugen.
Eirik Andersson, g. 1833 m. Marta Knutsdr. Ukvitno fekk i 1834 sonen Eirik. Marta vart g. 2. 1836 m. Knut Monsson Øvre Graudo.
Bård Johannesson Skiple, g. 1836 m. Ragnhild Samsonsdr. Helleve hadde plass hjå bruk 1 på Lemmesteigane. Bård og Ragnhild fekk desse borni: Ingebjørg f. 1836, Kristi f. 1839, Sigrid f. 1842, Johannes f. 1844, Samson f. 1847, Ragnhild f. 1851, Kolbein f. 1854 og Brita f. 1859. Bård døydde 1870, 84 år gl. Han var med i krigen mot Sverike, og han gret når han fortalde um kva han då hadde upplevt.
Viking Andersson, g. m. Anna Mikkjelsdr. fekk sonen Anders i 1851.
Utpå Flynæ var ein husmannsplass der Ingeleiv-Anders g. m. Ingeleiv budde.
Knut Monsson f. 1799, g. m. Marta Knutsdr. hadde plass på Lemmesteigane hjå bruk 3 i 1865. Brynjulv Person Ringheim fekk husmannsfeste i 1879 på dette plasset. Han var f. 1874, g. m. Gudve Monsdr. Nesheim, døydde 1923 og hadde fleire born. Han dreiv mykje med hellebenk.