Hegg
Hæg
Gardsnummer/Farm No. 144 i Voss, Store Hegg
No. 145 i Voss, Vetla Hegg
Kjelde/Source : Vossaboki, Band 3, side/page 413-423
Vossaboka, enno ikkje utgjeven (gardsnr. 141 og høgare)
Husmenn på Store Hegg :
Magne Sjurson var husmann 1664.
Brynjulv Gitleson, g. m. Kari Knutsdr. fekk dotteri Ragnhild 1783.
Styrk Knutson Vetla Hegg f. 1747, g. m. Kristi Sveinsdr. Øvsthus var husmann på Store Hegg etter at han slutta som gardbrukar på Vetla Hegg.
Torgis Asleson, g. m. Kari Bjarnesdr. fekk sonen Asle 1831.
Knut Håkonson, g. m. Marta Levorsdr. fekk sonen Ivar 1842.
Nils Larsson f. 1788 hadde plasset Haugen, var g. 1. m. Anna Håkonsdr. og 2. 1846 m. Dordei Håkonsdr. Reime. Ho døydde 1870, 78 år gl. og Nils 1871. Med Anna hadde han sonen Olav i 1831. Nils var skreppemakar og svarva treskåler som han reiste kringom med og selde. Som betaling tok han so mykje korn som gjekk i skåli. Husmannskona Lisbet f. 1839 døydde 1915 i Enkjeheimen på Vangen. Plasset Haugen (Heggjahaugen) låg ovanfor gardshusi. Det har vore tre plassar til:
Potehaugen,
Nyhaugen der ein tyskar Aksel budde,
og Leite som var millom husi på Store og Vetla Hegg.
Husmenn på Vetla Hegg :
Asle Bjarneson f. 1790 omtala på bruk 2 var husmann i Skorne etter at garden hans var seld.