Haugo

Haugo
Hauge
Gardsnummer/Farm No. 192 i Voss, Indre Haugo.
                                 No. 193 i Voss, Ytre Haugo

Kjelde/Source : Vossaboki, Band 4, side/page 166-179
                         Vossaboka

Husmenn :
På plasset Svelgane som ligg ved Hardangervegen på grensa mot Granvin,
har butt desse husmannsfolk:
Anders Oddson Himle f. 1717, g. 1745 m. Ingebjørg Larsdr. Vestrheim, var rådsmann på Tesdal og Kvitno, budde so på Rjodo og kom i kring 1760 til Svelgane. Anders må ha vore gift ein gong til. Det er i alt oppgjeve at han hadde tolv born attåt tre som døydde unge: Nils f. 1746, g. 1. m. Synneva Davidsdr. Mølster, 2. 1799 m. Magli Knutsdr. Tveiti, budde på Rokne. Dønåt f. 1749, g. 1775 m. Knut Andersson Lydvo, Anna f. 1753, Odd f. 1755, g. 1. 1790 m. Marta Olavsdr. Håtveiti, 2. 1812 m. Anna Mikkjelsdr. Opeland, gardmann på Håtveiti, Lars f. 1761, Ingjerd f. 1760, Gudve f. 1763, g. 1796 m. Åmund Erlingson Ullestad, Anna f. 1766, Knut g. m. Marta Larsdr., Ingebjørg f. 1779, g. m. Olav Endreson Tesdal, David f. 1780 og Anders f. 1785, g. m. Guro Olavsdr. Øvre Fenno, budde på Fenno.

Lars Andersson f. 1761, g. 1783 m. Anna Olavsdr. Finnesteigen etter kongelegt løyve, hadde plasset etter foreldri sine og fekk seks born: Anders f. 1786, g. 1815 m. Torbjørg Persdr. Vetla Rokne, Odd f. 1791, g. 1825 m. Margreta Oddsdr. Gjelle, som budde på Ullestad, Knut f. 1793, Tormod f. 1796, Olav f. 1799, g. m. Bryttva Sjursdr., og Ingebjørg. Olav hadde plass i Svelgane. Anders budde der og. Han var med i krigen mot Sverike 1808-1814, og reiste på sine gamle dagar til sønene sine i Nordland. Dotteri Anna hadde sonen Lars Åmundson Haugo, som var husmann på Haugo.

Etter dei kom Kristoffer Gunnarson, g. m. Kari Larsdr. som fekk borni
Lars, Guro, Olav og Anna f. 1842-1848.

Anders Andersson Bergstad f. 1825, g. m. Kari Trondsdr. Kvåle er komen til Svelgane i kring 1849 og fekk der borni: Anders f. 1850, umtala på Istad og bruk 6 Mala, Sigrid, Olav og Nils f. 1856-1863. Kari døydde 1876 i Svelgane, og Anders døydde på Istad 1898.

Anders Knutson f. 1825 budde i Svelgane etter at han slutta som husmann på Istadbakkjen, Istad, der han er omtala.
Arnved Knutson Haugo f. 1848 gifte seg 1878 med Anna Knutsdr. Skjeldal og feste plasset. Anna, døydde 1897 og Arnved 1911 og hadde borni: Knut, Sjur f. 1881, gardmann på Heimberde, Ingebjørg f. 1884 som no har plasset Svelgane, og Margreta f. 1887, død 1918.

Nils Torleivson f. 1751, g. m. Marta Larsdr. umtala ovanfor hadde husmannsplass på sine gamle dagar.

Eirik Nilsson, g. m. Gudve Massdr. var det som fyrst rudde og bygde på plasset Fjorungamodn, som ligg i åsen ovanfor garden. Dei hadde borni Ingebjørg f. 1836, g. m. Endre Jerald, Mari f. 1847 og truleg fleire. Eirik Sjurson Rjodo, g. m. Rannveig Torsteinsdr. Saude, budde på Fjorungamodn då dei fekk sonen Sjur f. 1855. Eirik flytte sidan til ferjestaden på Prestegarden ved Vosso. Sidan kom Knut Arnvedson Kinne f. 1820, g. 1846 m. Ingebjørg Andersdr. Ronve. Dei hadde havt plass på Gjelle i 1852. Han døydde 1887 og hadde borni: Arnved f. 1848, husmann i Svelgane, Anders f. 1850, sjå bruk 2 Øvre Skutle og Marta f. 1852, g. 1877 m. Lars Åmundson Haugo f. 1844. Han fekk plasset Haugane, der han bygde og rudde. Lars døydde 1914 og hadde fleire born.

David Knutson Himle f. 1811 fekk 1860 feste på plasset Myræ. Han var g. 1838 m. Kari Isaksdr. Nyre og fekk borni: Knut f. 1838, gardmann på Rene, Anders f. 1843 og Isak f. 1844, død ugift. David døydde 1889. Torbjørn Knutson Hakastad, g. m. Ingjerd Velomsdr., fekk døtterne Ingebjørg f. 1875 og Sigrid f. 1883. Dei hadde fyrst plass på Nyreshaujen og seinare stove i Haugamod'n. I Nygjerdslo ved Brynamerket i høgd med Hadlaberge har vore plasset Tuftna eller Tvangen som det og var kalla. Olav Dale frå Granvin skal ha bygt og rudt der. På heimvegen frå Vangen, der han hadde drukke seg full, vart han liggjande nedanfor husi sine og fraus ihel.