Glymme
Glimme
Gardsnummer/Farm No. 231 i Voss.
Kjelde/Source : Vossaboki, Band 4, side/page 424-433
Vossaboka, enno ikkje utgjeven (gardsnr. 141 og høgare)
Husmenn :
Anders Larsson, g. m. Marta Knutsdr., døydde 1746, 47 år gl. og hadde fire born:
Guro, Knut, Gitle og Sigrid f. 1737-1744.
Sjur Knutson budde der då han fekk borni: Lars, Ingebjørg og Knut f. 1758-1765. Knut var g. 1790 m. Gjertrud Andersdr. Tyrlingen.
Mons Larsson, g. m. Sigrid Andersdr., som døydde 1778, 332/3 år gl., hadde plasset Glymmeshaugen. Dei fekk dotteri Marta i 1776.
Anders Larsson, g. m. Rannveig Knutsdr., fekk sonen Lars f. 1776. Knut Knutson, g. m. Torbjørg Larsdr., fekk 1778 sonen Knut.
Odd Masson, g. m. Anna Persdr. fekk sonen Klas f. 1779.
Torbjørn Herbjørnson, g. m. Ragnhild Oddsdr., døydde 1785 og hadde tre born:
Marta, Gjertrud og Dønåt f. 1774-1782.
Nils Halldorson Glymme f. 1785, g. 1820 m. Ingebjørg Andersdr. Øvre Rasdal, var paktar på Glymme og andre stader og hadde ei tid plass på Glymme. Dei hadde borni: Per f. 1822, Gjertrud f. 1824, Ragnhild f. 1826, Anders f. 1829, Knut f. 1830, Brynjulv, Margreta, Johannes f. 1840.
Nils fekk 1818 med Marta Olavsdr. Væte ein son Anders som 1837 gifte seg med Ragnhild Larsdr. Brekku. Dei reiste til Chicago der dei vart rike folk. Han skreiv seg der for Anders Brekke.
Knut Olavson, g. m. Ragnhild Mikkjelsdr., fekk dotteri Anna f. 1834. Kona Sigvor Brynjulvsdr., døydde 1857, 38 år gl.
Ivar Larsson Finnesteigen f. 1775, g. 1799 m. Brita Olavsdr. Jeraldstveiti budde på plasset Rynningshaujen på bruk 2. Han var oftast kalla Ivar Rynningen. Jordeigaren stemnde Ivar i 1818 og vilde at han skulde flytta, men fekk ikkje medhald i domen. Ivar døydde 1820, Brita 1860, 71 år gl., og hadde åtte born: Olav f. 1804, Lars f. 1807, g. 1841 m. Marjo Knutsdr. Haugo, budde på Kinne, Olav d. y. f. 1811 (Vesterålen), Nils f. 1813, g. 1837 m. Bryttva Larsdr. Rekve, budde på Rekve, Ivar f. 1816, g. 1845 m. Brita Olavsdr. Brekku, Borghild, g. 1822 m. ekm. Håvard Olavson Nyre, Marta, gift i Vesterålen og Brita f. 1820, g. 1846 m. Ivar Mattisson Ringheim, husmann på Helland. Olav d. e. og systeri Marta reiste 1825 til Lofoten. Olav har sidan rudt og bygt på Myrvang eller Vosserommet i Balsfjorden og budde seinare i Tromsø. Olav var best kjend under namnet Olav Voss. Biskop Bang umtalar Olav i boki «Kirkehistoriske småstykker» og segjer m. a.: Olav høyrde til den haugianske retning og har «ved sin stille færd og sit livs vidnesbyrd vakt adskillig opmærksomhed og været et salt» o. s. fr.
Lars Olavson Jernes f. 1802, g. 1831 m. Marta Rognaldsdr. Glymme, fekk ikring 1835 plasset Glymmeshaugen på bruk 2 og bygde og rudde der. Dei fekk 1833 sonen Olav. Lars kjøpte 1845 bruk 2 Kinne og 1869 bruk 2 på Bryn, der dei er omtala. Gitle Monsson, g. som ekm. 1829 m. Brita Olavsdr. Nesthus hadde plasset Glymmeshaugen på bruk 1. På stampa si i Vanjolne dreiv Gitle mykje med stamping av vadmål. Eigaren av plasset stemnde 1826 Gitle at han skulde flytta, men ved domen fekk Gitle lov til å sitja der framleies. Dei ol upp ein gut som heitte Mikkjel. Han vart g. 1857 m. Gudve Knutsdr. Vossabakken og kjøpte gard på Eimstad. Gitle døydde 1842, 72 år gl.
Brynjulv Nilsson Seim, Viki f. 1817, g. 1850 m. Brita Olavsdr. Glymme f. 1829, fekk 1872 husmannsfeste på Glymmeshaugen som Gitle hadde havt. Brynjulv dyrka mykje på plasset og dreiv elles med skinnreiding, batt fiskenøter og fiska saman med Finnesteigane. Folki brukte den tid mykje skinnklæde og skinnhitar til å ha korn og mjøl i. Brynjulv reiste ei tid med kram. Han døydde 1906. Dei hadde to søner: Olav f. 1855, g. m. Sigvor Josefsdr. Lid (Amerika), og Nils f. 1864, g. m. Helena Birkelid. Han var preparant ved Bergens Museum og seinare vaktmeister ved den Biologiske Stasjon på Herdla. Han fekk rosande umtale av fleire vitskapsmenn for sers dugleik og fekk kongens fortenstmedalje. Han døydde 1934.
Johannes Glymme fortel i boki si um Glymmeætti at major Barckley før han kjøpte garden, hadde stove på Glymmesflaten nær ein høl for kvernhusdammen i Setresgroæ. Dei gamle tala ofte um Glasstovehølen og kalla baret nedanfor flaten Glasstovebare. Majoren skulde vera so sterk at han med berre hendene retta ut ein hestesko. Barckley døydde 1732. Han var fyrste sjef for Vossiske kompani. I ei militærliste 1767 står at sonen Johan f. 1708 var premierløytnant og budde i fatige umstende i faren sine hus på Voss. Kann henda det var på Glymme. Om Olateigen sjå ovanfor.