Gjelle
Hjelle
Gardsnummer/Farm No. 226 i Voss.
Kjelde/Source : Vossaboki, Band 4, side/page 397-407
Vossaboka, enno ikkje utgjeven (gardsnr. 141 og høgare)
Husmenn :
Torfinn Herbjørnson, g. m. Ragnhild Oddsdr., fekk dotteri Dønåt f. 1779.
Ivar Larsson f. 1776, g. m. Brita Olavsdr. f. 1777 fekk dotteri Borghild f. 1800.
Torgeir Olavson f. 1754, døydde 1827.
Husmannskona Guro Nilsdr., døydde 1821, 75 år gl.
Ivar Karlson, g. m. Gjertrud Mikkjelsdr. fekk 1830 sonen Karl.
Ivar Torgeirson, g. 1839 m. Kari Larsdr. Liland, hadde døtterne Marta f. 1842 og Anna f. 1844.
Knut Arnvedson, g. m. Ingebjørg Andersdr., fekk dotteri Marta f. 1852.
Dei hadde seinare plass på Fjorungamod'n på Haugo.
David Knutson, g. m. Magli Halldorsdr., hadde dotteri Sisselja f. 1860.
Gitle Nilsson Fenno, g. m. Brita Herbrandsdr. Takla fekk på Gjelle sonen Nils f. 1861. Dei budde seinare på Helgasetplasset åt Lid (ovanum Dale).
Eli-Lars, g. m. Guro, var av Jeraldsfolk og var ofte kjømeister og talsmann.
Brynjulv Sjurson døydde 1863, 68 år gl.
På Jolahagen er merke etter hustufter. Der skal ha butt ein som heitte Tor, g. m. Ragnhild. Dei fostra opp åtte søner som alle vart store og sterke. Seinare vilde ikkje nokon bu der av di huldafolki heldt ting der kvar jol.
Lars Eirikson Nåsen f. 1739, g. 1829 m. Torbjørg Torbjørnsdr. Gjelle hadde plasset Gjedlestveitæ på bruk 2. Han døydde 1869, 74 år gl. og ho 1874, 77 år gl., barnlause. Olav Ivarson Prestegård kom der 1877. Han var f. 1832, g. 1867 m. Ragnhild Torsteinsdr. Gavle. Olav var ordhittig, ofte råkande og snøgghugsig, men var stundom vel dryg i munnen. Der er mange strofar um og etter han. Plasset er no lagt til garden att.
På Natafløtna har vore to husmannsplass, eit på kvart gardsbruk. No er det småbruk 4 og 6. Der er ført upp dei som me har greide på kva plass dei budde på. Etternemnde har og butt på Natafløtna, men me veit ikkje kva plass kvar hadde. Botolv Larsson var g. 1. 1809 m. Marta Herlaugsdr. f. 1739, 2. 1810 m. Guro Nilsdr. Gjelle og 3. m. Rannveig Sjursdr., Botolv bleiv 1852, 72 år gl. i Vangsvatnet, barnlaus. Per Nilsson Saude, g. 1. 1827 m. Rannveig Sjursdr. Gjelle, som bleiv, 2. 1833 m. Gudve Bjarnesdr. Røte, som døydde 1841, 49 år gl. Brynjulv Oddson Gjelle f. 1817, g. 1841 m. Inga Knutsdr. Rjodo var husmannsfolk nokre år, fekk 1855 dotteri Anna og reiste til Amerika. Per Nilsson, g. m. Anna Gudleiksdr. fekk sonen Olav f. 1866.