Flatlandsmoen

Flatlandsmoen
Flatlandsmo
Gardsnummer/Farm No. 232 i Voss.

Kjelde/Source : Vossaboki, Band 4, side/page 20-25
                         Vossaboka, enno ikkje utgjeven (gardsnr. 141 og høgare)

Husmenn :
Olav Knutson f. 1641 var husmann i 1701.
Knut Torgeirson, g. m. Brita Sveinsdr. fekk 1821 dotteri Guri.

Olav Hermundson, g. m. Kristi Nilsdr. fekk dotteri Barbrå i 1832. Dei kalla han mykje for Tjør-Ola av di han dreiv mykje med tjørebrenning. Dei budde på plasset Demmo. Om sumrane heldt han seg mykje på holmen i Krokavatnet og brende tjøre.

Etter dei kom Gitle Knutson Repål f. 1821, g. 1846 m. Herborg Gudleiksdr. Kvamme, Vossastr. f. 1817. Dei fekk der borni: Susanna f. 1854, Ingebjørg f. 1857, Synneva f. 1860. Gitle døydde 1871 og Herborg 1900.