Finne

Finne
Gardsnummer/Farm No. 43 i Voss.

Kjelde/Source : Vossaboki, Band 1, side/page 177-198

                         Vossaboka, Band II, side/page 32-52

 

Husmannsplass på Finne :
Jon Steffason var husmann i 1661 og Åmund Olavson i 1700. Han var då 40 år gl. Ikring 1710 var skomakar Johannes og Sygni husmannsfolk på Rinden, på holmen i groi millom Seim og Finne. "Jakob skomakar" budde der ei tid. Eit av borni fekk plasset "Huse" på Ullestad. Plasset Rinden har vore i bruk til i 1850-åri, då det vart nedlagt, er det fortalt. Husmannen Ivar Monsson døydde 1725, men kona hans, Torbjørg Levorsdr., levde etter han. Ikkje born etter. dei. Ivar Andersson døydde som husmann 1791, 67 år gl. Kona hans, Sigvor Jonsdr., levde etter han. 2 born: Jon og Anna. Mikkjel Styrkson var i 1780-åri husmann på Sagatræet i Finnesteigen.

I 1801 var Sjur Mattisson, 46 år gl., og kona hans, Brita Rasmusdr., 41 år gl., husmannsfolk på Grjotateigen. Han døydde 1843. Dei hadde borni: Mattis, Rasmus, Knut og Marta. Jan Jakobsen var husmann på Finne i 1801 og var då 72 år gamal. 3dje kona hans, Kristi Botolvsdr., var då 52 år gl. 2dre venda var han gift 1765 med Marta Torsteinsdr. Skjelde og hadde med henne tri born: Åmund f. 1763, Torstein f. 1768 og Jakob f. 1771. Torstein var skulehaldar og gardmann på Hellesnes. Med Kristi hadde Jan sonen Botolv, f. 1792. Jan selde i 1786 til sersjant Henrik Lind stova og florshus. Til husi var 2 jordstykke, heiter det. Det er fortalt at Lind budde nedanfor vegen på austsida åt Lindehaugen, som ein trur har fått namnet sitt etter han. Haugen heitte visseleg fyrr Strindarhaugen. Jan må altso ha butt der fyre 1786, men er då truleg flytt til plasset Rinden. I Finnetråi, umlag der bruk 8 no er, var Klas Eirikson husmann frå 1820-åri til 1848, då husi vart tekne av ei skride. Klas døydde 1851, 64 år gl. Han var gift med Herborg Åmundsdr. Gudleik Arveson, død 1853, 62 år gl. og kona hans, Ingebjørg Jørgensdr. var husmannsfolk frå ikring 1845 og hadde borni: Knut, f. 1845, Anders, f. 1848 og Kari, f. 1851. Enkja Marta Sjursdr. hadde plasset på Grjotateigen i 1860-åri. Ho hadde ei dotter Brita, ikring 30 år gamal. Marta døydde i 1869, 75 år gamal. Sist budde på Grjotateigen skomakar Knut Johannessen Rokne, gift 1867 med Torbjørg H. Igdetveit. Plasset vart nedlagt ikring 1885. Marta Olavsdr. Brekke har stove på Finne.