Fære

Fære
Gardsnummer/Farm No. 212 i Voss.

Kjelde/Source : Vossaboki, Band 4, side/page 314-319
                         Vossaboka, enno ikkje utgjeven (gardsnr. 141 og høgare)

Husmenn :
Laurits, g. m. Anna var husmann i 1645.
Endre Torgeirson døydde 1823, 61 år gl. og hadde to gifte døtter, men namnet deira står ikkje.
Anders Mikkjelson fekk 1849 tinglese husmannsfeste og døydde 1858, 70 år gl.
Husmannskona Rannveig Torgeirsdr. døydde 1854, 63 år gl.

Eirik Knutson f. 1815, g. m. Brita Torsteinsdr. f. 1818, fekk borni Brita f. 1848 og Gudve f. 1852, g. 1874 m. Hermund Hermundson, Skutle. Eirik dreiv med vevskeibinding. Brita, kona hans, døydde 1877 og han sjølv 1881.

Anders Larsson Jerald f. 1852, hadde plass på Bulægo og var skomakar.
Han var g. 1881 m. Ingebjørg Knutsdr. Litlere f. 1850. Båe er døde, barnlause.