Eimstad

Eimstad
Gardsnummer/Farm No. 224 i Voss.

Kjelde/Source : Vossaboki, Band 4, side/page 479-486
                         Vossaboka, enno ikkje utgjeven (gardsnr. 141 og høgare)

Husmenn :
Hallstein, g. m. Tora var husmann i 1645 og Knut Helgeson i 1664.
Anders Andersson, g. m. Brita Andersdr., hadde dotteri Anna f. 1728.
Eirik Oddson fekk 1749 dotteri Ingjerd.
Endre Oddson fekk døtterne Marta f. 1752 og Kari f. 1755.
Knut Sveinson, g. m. Kari Eiriksdr., fekk dotteri Anna f. 1782.
Nils Gunnarson, g. m. Magli Mikkjelsdr., fekk sonen Mikkjel f. 1830.
Ein som heitte Rasmus budde på Eimstadleite.

Olav Olavson f. 1794, g. 1818 m. Ingebjørg Botolvsdr. Bystølen budde på plasset Rinden.
Dei flytte seinare til Sundsteijen på Midtun. Gjermund Torbjørnson Botnen, g. m. Guro hadde so plasset 1873-1899 og flytte då til Hardanger att.
Jon Jonson Botnen frå Fyksesund, g. 1866 m. Eli Arnvedsdr. Berge fekk plass på Fureteijen, bygde der og var der til ikring 1900. Denne teigen er og kalla Torsteins-Nygjerdslo, Jongjerdslo, Johans-Nygjerdslo. Desse namni er truleg etter husmenn som har butt der eller slege der som svarelse for plasset. Det same gjeld vel Rasmus-Hajen.

Olav Mikkjelson, g. m. Gjertrud Gusskalksdr., var ei tid paktar og ei tid husmann og hadde seks born: Gusskalk Midtun f. 1825, g. 1854 m. Eli Jensdr. Dagestad, husmann, Marta f. 1829, g. 1874 m. Johan Sødermann, sjå bruk 24 Rogne, Brita g. m. Anders Knutson Bø, Kristi f. 1832, g. 1852 m. Lars Styrkson Lunde, Nils død ugift 1875, 47 år gl. og Mikkjel f. 1841. Mikkjel hadde ei tid landhandel på Vangen og reiste seinare til Amerika.