Dagestad
Gardsnummer/Farm No. 238 i Voss.
Kjelde/Source : Vossaboki, Band 4, side/page 466-478
Vossaboka, enno ikkje utgjeven (gardsnr. 141 og høgare)
Husmenn :
Olav Johannesson, g. m. Ingebjørg Arnfinnsdr., fekk sønene Arnfinn f. 1720 og Jørgen f. 1728. Anders Monsson Lisseim f. 1783 vart g. 1817 m. Gudve Knutsdr., enkje etter Nils Nilsson Midtun.
Ho døydde 1820, 62 år gl.
Klas Otteson Uppheim hadde plass på Husmannatuftna og var den siste som budde der. Han var korporal, var 1812 med i krigen mot Sverike og slutta militærtenesta 1822. Klas var g. 1. m. Sisselja Nilsdr., 2. 1823 m. Jorunn Aslaksdr. Eimstad, døydde 1837 og hadde fire born: Anna, Sisselja, Eli og Anna f. 1831-1835. Eli gifte seg 1854 m. Olav Masson Seim, Ukvitno. Nils Halldorson Glymme hadde plass i Dastahajen. Eigaren Halle stemnde Nils i 1828 og gjorde krav på at han skulde etterkoma kontrakti eller flytta derfrå. Det vart nok so at han flytte.
På Dastaleite budde Jens Knutson Gjerme. Han var g. 1820 m. Rannveig Velomsdr. Bø, var underoffiser og hadde stundom tilsyn med vegane. Han skreiv mykje åt kapteinen på Eimstad. Jens døydde 1871 og hadde fire born: Knut f. 1821, g. m. Blansa Isaksdr. Saude, kommandersersjant og gardmann på Grimastad, Velom f. 1823 var skreddar, g. m. Jorunn Torgeirsdr. Mølster, Eli f. 1831, g. 1854 m. Gusskalk Olavson Eimstad, husmann på Midtun og Sigrid f. 1837, g. 1870 m. Olav Person Mosafinn. Ho hadde sonen Olav Åmundson f. 1860 og døydde 1929.
På Solhaugen som no er bruk 5 og 7 var fyrr eit husmannsplass.
Ei gjente som heitte Milda Olavsdr. Apaltun f. 1788 budde der. Ho var ofte hjå barselkonor og var mest like god som ei jordmor. Ho døydde 1871, 83 år gl. Hennar dotter Guri Knutsdr. f. 1811 fekk med Velom Jensson Dagestad dotteri Marta, f. 1846, som gifte seg 1. 1864 m. Mass Magneson Liland, 2. 1876 m. ekm. Andreas Tønneson Listøl. Mass var skreddar og feste plasset i 1869. Marta fekk tre born med Mass og eit med Andreas: Magnus f. 1865, styrar av Kunsthandverkskulen, sjå bruk 6 på Jernes, Knut f. 1867 (Amerika), Velom f. 1869 skreddar, g. 1897 m. Rannveig Johannesdr. Mosafinn, Olina f. 1877, g. 1899 m. Olav Eirikson Narheim. Marta budde på Solhaug til etter utskiftingen då ho flytte til Leite, der ho fekk plass i staden. Mass bleiv i Lilandsosen 1870, 31 år gl., og Marta døydde 1931.
Trond Nilsson budde på plasset Skogen. Han var f. 1804, g. m. Barbrå Olavsdr., båe frå Nordre Aurdal, Valdres. Barbrå døydde 1875, 71 år gl. og Trond 1883.
Dei hadde borni: Nils f. 1828, g. 1865 m. Rannveig Johannesdr. Gjerme, budde på Rekve, Olav f. 1838, g. 1864 m. Gudve Knutsdr. Helland og Andreas f. 1847 som budde på Mala. Olav dreiv med handel og hadde 1865 borni Kirsti, Jorunn og Anna f. 1860-1863. Jakob Røyrgo f. 1833 i Evanger, g. m. Ingeleiv Larsdr., f. 1835 i Lærdal feste nytt plass som er kalla Nadl'n. Han var skomakar og elles flink med ymse arbeid endå han var svært halt. Han døydde 1917 og ho 1929, barnlause.
Knut Sjurson f. 1794, g.m. Brita Gusskalksdr. f. 1797 hadde plass i Hògo.
Han døydde 1869 og Brita 1881. Staden dei budde på, er vanleg kalla Britatuftæ.
Berge Olavson Skjerven hadde som omtala på Vinsand, plass i Budalen, men flytte 1865 til plasset Hògo på Dagestad. Han var f. 1813, g. 1. m. Kari Olavsdr. Vinsand, 2. 1881 m. Kari Styrksdr. Lunde f. 1844. Berge var ein uvanleg dugande arbeidskar, serleg som timberhoggar. På ein dag kunde han gjera ferdig 10-12 store furor, alt med øks. Som døme på at han ikkje stubba høgt, er fortalt at skåli som stod att i fureroti, kunde røma ein aske korn. Berge fekk med andre kona sonen Olav f. 1883 og døydde 1908. Enkja og sonen flytte sidan frå plasset.