Bryn

Bryn
Gardsnummer/Farm No. 191 i Voss.

Kjelde/Source : Vossaboki, Band 4, side/page 152-156
                         Vossaboka, enno ikkje utgjeven (gardsnr. 141 og høgare)

 

Husmenn ::
Hans Jørgenson, g. m. Sigvor Nilsdr., fekk 1717 sonen Nils.
Ekm. Erling Hansson, g. 1745 m. Guro Eliasdr. Istad fekk borni Sigrid, Hans og Asgjerd f. 1746-1750. Båe huslydane var til hus på Bryn.

Knut Olavson Brynahagen gifte seg 1781 med Marjo Larsdr. Bø. Anders Haugateigen fekk borni Gudve f. 1763 og Ingjerd f. 1769.

Olav Larsson fekk 1781 feste hjå Arnfinn Andersson på plasset Træe.
Lars Knutson Bø, Rd. g. 1782 m. Brita Eilivsdr. Skiple hadde fyrst plass på Bø og sidan i kring 1790 på Bryn. Seinare vart han sluttar på Vangen og var stemnevitne til 1813. Dei fekk borni: Marta f. 1782, Gudve f. 1785, g. m. Nikolay Kasper Jæger, snikkar, som budde på Vangen, Knut f. 1787, gardmann og smed på Vetla Rokne, Eiliv f. 1789, hestahandlar og hestaskjerar, Torleiv Vangen f. 1795 og Jon som var smed og reiste til Nordland.

Knut Nilsson f. 1761, g.m. Guro Vikingsdr. hadde 1801 borni: Viking f. 1791, Gudve f. 1792 og Anders f. 1795 som vart g. 1824 m. enkja Ingjerd Persdr. Tvilde og budde på Tvilde. Lars Giljarhus frå Vossastr., g. m. ei frå Slen, hadde i fyrstningi av 1800-talet plasset Brynahagen og fekk borni: Inga, Lars, Synneva, Ragnhild og Anna. Inga var f. 1798 og g. 1828 m. Herbrand Kjelson, husmann i Taklahaga.

Nils Mikkjelson, g. m. Synneva Olavsdr. fekk borni Mikkjel f. 1812, umtala nedanfor, Olav f. 1819 og Knut f. 1822. Synneva hadde og ein son Nils Larsson, g. m. Guro. Han arbeidde fyrst hjå ein engelsmann Sterling i Fana og hadde seinare smidje på Store Midtun i Fana. Nils var altmogelegmann, meistersmed, arbeidde byrsor, rokkar, vølte klokkor, støypte metall o. 1. Nils Mikkjelson døydde 1843, 70 år gl. og Synneva 1853, 79 år gl. Knut Oddson, g. m. Inga Steffadr. hadde plass frå 1828 til 1850 og fekk borni Steffa, Gjertrud og Marta f. 1829-1836. Knut Gudleikson, g. m. Ragnhild Knutsdr. hadde sonen Lars f. 1839.

Plasset Sveona høyrer til bruk 1. Segni segjer at Brynamannen skulde brenna kolmil uppe i skogen, og so kom han til å svida av eit skogstykke for Lidane. So måtte han ta stykket og lata Lidane få att eit tilsvarande stykke ved Palmafossen, det som sidan har vorte bruk 2 og 4 på Øvre Lid. Brynjulv Steffason hadde Sveona, men der hadde butt folk før. Han var f. 1782, g. 1815 m. Margreta Knutsdr. Ullestad og fekk fire born: Brita f. 1813, g. 1842 m. Olav Nilsson Møn, Sigvor f. 1819, Steffa f. 1821 og Knut f. 1826. Olav Masson fekk 1845 feste på plasset. Han var f. 1802 i Asker, g. m. Kari Larsdr. f. 1803 i Vardal. Båe døydde 1872 og hadde borni: Mass Grovu, Kv., f. 1824 og Olina, g. m. Karl R. Hellerø.

Anders Halldorson Lunde var paktar på Kinne, sidan på bruk 2 på Bryn og fekk deretter plasset Sveona. Han var f. 1832, g. m. Steinvor Erlingsdr. Væte, f. 1827, og døydde 1903. Steinvor døydde 1898. Dei hadde borni Gudleik f. i kring 1864 (Amerika) og Kari f. 1867. Ho vart g. m. Brynjulv Oddson Bø, Rd. f. 1859, og dei fekk plasset. Kari døydde 1915 og Brynjulv 1922. Sonen Odd f. 1894, g. m. Ingebjørg Olavsdr. Løyningen, Øystese, har no plasset. Plasset vart ved siste utskiftingen flytt or Sveona og inn til Brynamerket.

Mikkjel Nilsson f. 1812, nemnd ovanfor, g. m. Ingjerd Ingemannsdr. frå Bergen, hadde plasset Hadlabergje frå 1850, der dei båe døydde 1881. Han var mange år feiar på Vangen og gav seg ofte til å spå um været. Lars Tormodson f. 1835 på Vålo, g. m. Gudve Olavsdr. (syster hans Gudleik på Skjerpe), budde sidan på Hadlabergje. Lars var mange år tilsett som reingjerar etter smittsam sjuke. Han døydde 1917 og Gudve 1919. Sonen Knut kjøpte plasset, som no er bruk 19. Anders Erlingson Rykke f. 1823, g. 1853 m. Eli Eilivsdr. Setre fekk 1854 plasset Brynahagen og hadde det til i kring 1902. Anders dreiv mykje med helletekkjing. Eli døydde 1890 og Anders 1912. Ei Synneva frå Kvam budde so nokre år på plasset. Ho hadde sonen Lars Håkonson Mo, f. 1867, som gifte seg med Brita Arvesdr. Hornve.

Sjur Jakobson Grovu f. 1826, g. 1. 1850 m. Karen Nilsdr. Uppheim, 2. 1877 m. Guro Knutsdr. Jernes budde frå 1850 på Brynateigen eller Haugateigen som plasset oftast var kalla. Sjur døydde 1907 og Guro 1916 barnlause. Peter Karlson f. på Vangen 1832, g. m. Marta Torgeirsdr., budde frå 1850-åri på Brynateigen og hadde borni Margreta, Gudve, Karl, Kristina og Hermann f. 1850-1864. Peter dreiv med slakting og kjøthandel. Marta døydde 1904, og Peter og borni reiste til Amerika so nær som Gudve. Ho vart g. m. Jens Velomson Dagestad som er død, og Gudve har no stove på bruk 58 av Rogne. Synneva Olavsdr. Ulvund, Vossastrondi, f. 1809 hadde stove ved merket mot Haugo og døydde 1895. Dotteri Anna Larsdr., f. 1849, budde der og til ho døydde 1929, og hadde sonen Lars, som er forretningsmann i Chicago.