Bjørke
Bjørku
Gardsnummer/Farm No. 158 i Voss.
Kjelde/Source : Vossaboki, Band 3, side/page 485-497
Vossaboka, enno ikkje utgjeven (gardsnr. 141 og høgare)
Husmenn :
Adtzle og Gunnhild, kona hans, var husmannsfolk i 1645.
Folketeljingi 1701 melder um to husmenn Styrk Jonson f. 1631 og Mons Torgeirson f. 1651 med sonen Olav f. 1700.
Torgeir Olavson Bulko f. 1763, g. 1786 m. Brita Knutsdr. Ygre.
Anders Magneson, g. 1782 m. Arngjerd Steffadr. Bjørku fekk sonen Magne 1782.
Olav Torsteinson budde på plasset Bjørkebød'n og fekk 1793 dotteri Brita.
I 1801 var det to husmenn:
David Torgeirson f. 1756, g. m. Brita Knutsdr. og borni Torgeir, Sjur, Marta og Eli, den siste f. 1788. Den andre husmannen var Anders Larsson f. 1739 og kona hans, Marta Andersdr.
og deira to søner Lars f. 1784 og Anders f. 1788.
Forutan Bjørkebød'n har det vore desse plassi: Tuftna, Velesplasse, Bjørkerendna, Toramod'n, Leiro, Bjørkebòrna og Bjørkehagen. Den siste er framleies i bruk.
Det er vel ikring 100 år sidan nokon budde på Tuftna.
Velesplasset er truleg rudt av Ivar Olavson f. 1790, g. m. Bryttva, som budde der til 1865, då han kom på legd. Han var oppalen på Velesplasse på Nedkvitno, var vanleg kalla Vel'n, og plasset hans på Bjørku har fått namnet etter han. Sidan har det ikkje butt nokon der.
Bjørkerendna er ei rand langs med Taklaelvæ. Ein som var kalla Randaosen, skal vera fødd der. Gitle Helgaset budde der før han kom til Helgaset ovanfor Dale. Jon Person Hyrt og Brita, kona hans, budde og der. Ho var flink jordmor og var ofte hjå barselkoner.
Olav Salamonson Horvei, g. m. Guri Tròbare på Rong budde i Leiro og døydde der.
Han var ein kunnande arbeidar, var bygningssnikkar, smed, skreddar og arbeidde ymse ting av kopar og sylv. Dei hadde fire døtter: Kari som budde på Magnehaugen og hadde døtterne Anna Brurestolen og Kari, Anna som reiste til Amerika, Marta g. m. Knut Odden budde på Veiso, og Torbjørg Magnehaugen. Torbjørg fekk sonen Anders Knutson f. 1864, som og budde på Magnehaugen, omtala på Bakkatun.
Etter Olav Horvei budde Ivar Johannesson Svartveit i Leiro og var g. m. Jorunn Davidsdr. Sidan budde dei på Bruplasset på Skjerve. Sidan budde Samson Olavson Tverberg i Leiro. Han var f, 1836, g. 1. 1867 med Gjertrud Andersdr. Kvitno, Rd. som døydde 1891 og 2. 1892 m. Elen Brynjulvsdr., enkja etter Kjel Indre Takla. Samson døydde 1903. Med Gjertrud hadde han sonen Anders f. 1867 og med Elen borni Gjertina og Ivar.
På Bjørkebòrna budde Halldor Sjurson Tverberg, g. 1823 m. Synneva Johannesdr. Øvre Graudo.
Lars Nilsson budde der i 1830-åri og hadde fire born: Nils, Henrik, død ugift 1872, Sigvor død ugift 1896 og Nils d. y. som var husmann på Fjose og reiste med huslyden sin til Amerika i 1857. Nils d. e. f. 1798 var husmann på Bjørku 1865 og seinare på plasset Mønshus på Møn. Sjå vidare på Møn.
Olav Knutson f. 1814 i Vassliæ på Gjerdåk vart husmann på Bjørkebòrna ikring 1850.
Han var g. m. enkja Marta Johannesdr. f. 1812 på Spildo. Ho var g. fyrst med Magne Istad.
Olav var ein opplyst mann, skreiv brev og stundom dokument åt folk og lærde døtterne sine til å skriva. Marta døydde 1890 og Olav 1891. Dei fekk fire born: Per og Knut som reiste til Amerika, Brita f. 1847, g. 1883 m. skreddar Johannes Olavson på Endeve, Elisabet, g. 1888 m. husmann Johannes Eliasson på Opeland.
Bryttva Godvinsdr. døydde 1865 som husmannskone, 75 år gl.
Anders Samsonson f. 1867, g. m. Helga Andersdr. har plasset Bjørkehagen, der han bygde 1895. Han har drive mykje med hellearbeid og var arbeidsformann på Hardangerbanen. Bård Johannesson Skjerve har fest plasset Nyheim av bruk 1 og bygt der. Han er f. 1861 og ved sida av arbeidet på eigedomen driv han med snikkerarbeid, bokbinding og hønsehald.