Bjørgo

Bjørgo
Bjørgum
Gardsnummer/Farm No. 175 i Voss.

Kjelde/Source : Vossaboki, Band 4, side/page 44-51
                         Vossaboka, enno ikkje utgjeven (gardsnr. 141 og høgare)

Husmenn :
Mons Erlingson, g. m. Sigvor Larsdr. fekk 1726 dotteri Brita, som døydde 1734.
Erling Monsson hadde sønene Nils og Olav, båe fødde 1739.
Kåre fekk 1742 dotteri Marta.
Lars Hermannson fekk 1750 sonen Anders.
Steffa Monsson fekk 1752 dotteri Gjertrud.
Dei ovanfor nemnde har vore «til hus» på Bjørgo.

Knut Hermundson, budde på plasset i Bjørgatymbraodlæ og fekk to born Guri og Olav.
Guri reiste til Nordland. Olav fekk plasset Bjørkebor'na.

Ein Knut døydde 1845 i Bjørgatymbraodlæ. Etter han kom Lars Olavson Bolstad frå Evanger.
Han var f. 1820, g. m. Ragnhild Nilsdr. Brekku or Bergsdalen. Lars var slaktar og reiste til Bergen med slaktebeist og burdakyr. Dei hadde borni: Kari, Olav, som vart regnhattemakar i Bergen, Brynjulv, Kirsti og Ingebjørg. Lars reiste med huslyden sin til Amerika i 1870-åri, og stova deira vart flytt til Øvre Fenno. Etter Lars budde ikkje nokon i Bjørgatymbraodlæ før Jon Knutson Røte kom der.
Han var f. 1847, g. 1879 m. Ingjerd Vikingsdr. Seve. Dei hadde før gard på Store Røte. Ingjerd døydde 1925 og Jon 1928. Dei fekk fleire born. Sonen Knut har no husi.

Gudleik Larsson Grovu fekk 1904 feste på eit jordstykke i Bjørgatymbraodlæ. Han reiste til Amerika og Brynjulv Halldorson Veiso kom 1906 i staden. Han var f. 1866 på Styve og g. 1894 m. Guri Monsdr. Fenno f. 1873. Brynjulv døydde 1921, og enkja har no jordstykket.