Neuhaus, Christian Rasmus

(1833-1907)

Dansk fotograf, opprinneleg glarmester (glassmester). Neuhaus var truleg sjølv medlem av "den danske Fodgjænger Expedition" da dei la ut på ein vandring gjennom Norge i 1890. Saman med grosserer og fotograf F.C.C. Mottlau fotograferte han vandringa som vart leia av direktør Ritter fra København. Resultatet vart ein serie på 18 bilete med danske turistar i norsk landskap. Telta og bagasjen vart frakta med eigne hestevogner slik at fotgjengarane kunne få ein behageleg mosjonstur der dei vandra gjennom Valdres med eigen "drummer-boy" som på ein militær utmarsj. Turen gjekk over Filefjell til Lærdal, vidare med båt til Gudvangen og fortsette med vandring over Stalheim til Voss. Om dei gjekk heilt til Bergen, eller tok den smalspora Vossebanen er uvisst, men turen enda der.

1890: Bergen

1890: Filefjell

1890: Gudvangen

1890: Voss

1890: Valdres

1890: Lærdal

Robert Meyer Collection