Knudsen, Knud

(1832-1915)

Født på garden Bustetun i Odda, døydde i Bergen. Son av Knut Knutsen Bustetun (1794-1874) og Anna Nilsdtr. Rabba. Ugift. Fruktdyrkar og fotograf. Hadde sannsynligvis lært fotografering hjå M. Selmer i Bergen i slutten av 1850-åra. Etter studietur i Tyskland for å læra fruktdyrking i starten av 1860-åra, men der han og fotograferte mykje, starta han sitt atelier i Bergen i 1864 i "Herr Barbeer Langes Eiendom i Strandgaden". Han fotograferte både portrett og landskapsbilete, men spesialiserte seg relativt tidleg på det siste, og reiste rundt og fotograferte i mesteparten av Norge. Hans praktfulle landskaps- og folkelivsbilete vart ei glimrande turistvare. Han deltok med bilete på Verdensutstillinga i Pfiladelfia i 1875. I 1886 flytta firmaet til Torvalmenning 35 (adressa vart seinare endra til Ole Bulls Plass 10) i eige hus. Systersonen Knut Digernæs var begynt hjå han i 1884, og han vart den daglege leiar av firmaet frå 1887. I 1898 overtok han det, men Knudsen fortsatte å fotografera. Ved sida av å driva vanleg fotografering begynte dei med stereoskop- og brevkortforlag, og hadde stor omsetning. Deltok på Bergensutstillingen i 1898. Frå 1920 vart Einar Jensen medeigar i firmaet, men han gjekk ut att i 1936, og Finn Pettersen vart ansett som disponent. Han var begynt der i 1929 og overtok firmaet ålene i 1949, 30.6.1974 la han ned firmaets ateliervirksomheit, som då hadde vart sammenhengande i 110 år, og driv idag berre fotohandel. Praktisk talt heile negativsamlingen frå 1860-årene av var intakt, og heile firmaets arkiv vart våren 1975 kjøpt av UBBs. Forutan dei gamle glassplatene frå Knudsens hånd, oppbevart i spesialbygde skap, inneheld samlinga og originalkopiar til ei lang rekkje av desse, brevkort, stereoskopbilete, portrettnegativer 1947-74 med protokollar, andre negativer etter 1900, m. m. Dessuten høyrer det og til ein katalog som firmaet utga i 1889 med seinare tillegg. Sidan overflyttinga til UBBs har samlinga vore under bearbeidelse, men det vil ta lang tid før ho er gjennomarbeid. Ho viste seg imidlertid heilt frå starten av å vere eit uvurderleg verdifullt kulturhistorisk kildemateriale, særleg bileta frå før 1900, og er alt teken i bruk av mange forskarar. Hausten 1977 laga UBBs ei utstilling av 30 av dei eldste folkelivsbileta frå Vestlandet og hausten 1979 av eindel av firmaets Bergensbilete.

Verkestader:

1864-1915 ca: Bergen

Det Hanseatiske Museum, fotosamlingen

,

Aalesunds Museums billedsamling

,

Balestrand komm., lokalhistorisk arkiv, Kviknes Hotel

,

Balestrands kommunale fotosamling

,

A/S Sundt & Co.

,

Bergen off. bib., Billedsamlingen

,

Bergens Teatermuseum / Teaterarkivet

,

Fylkesmuseet for Telemark og Grenlands fotosamling

,

Gamle Bergen Billedsamling

,

K-samlingen

,

Robert Meyer Collection

,

Fotograf Knud Knudsens Nordfjordbilder

,

Norsk Folkemuseums fotoarkiv

,

Odda bibliotek, fotosamlinga

,

Norsk museum for fotografi - Preus fotomuseum

,

Normannsamlingen

,

Riksantikvaren

,

Riksarkivet

,

Sarpsborg kommune, fotoinnsamlingen

,

Sogndal Sogelags biletsamling

,

Sunnfjord Museums fotosamling

,

Trøndelag Folkemuseums fotosamling

,

Fotograf Knud Knudsens draktbilete

,

Fotograf Knud Knudsens fotosamling. Eldre del

,

Fotograf Knud Knudsens fotosamling. Nyare del

,

Fotograf Knud Knudsens postkortsamling

,

Universitetsbiblioteket i Bergen, Billedsamlingen, Institusjonssamling

,

Vest-Agder Fylkesmuseums samling

,

Voss Folkemuseum

,

Ørsta folkebibliotek

,

Norges Geologiske Undersøkelsers Fotoarkiv

,

Østfold fylkes bildearkiv, Generell samling

Bergens Arbeiderblad 10.12.1988

Dagen 21.10.1988 og 16.01.1991

Dagningen 02.11.1988

Firda Tidend 13.11.1989

Firdaposten 19.10.1988 og 02.12.1989

Folket, Oslo nr. 46 1988

Gardåsen, Tor Kjetil: Den store telemarksboka, 1990

Hardanger Folkeblad 12.06.1989

Meyer, Robert: Den glemte tradisjonen. Utstillingskatalog. Oslo Kunstforening, 1989

Nes, Trygve: Hjartdal i bilder, Skien 1992

Norske fotosamlinger, 198

Reiakvam, Oddlaug: Bilderøyndom. Røyndomsbilde. Fotografi i kulturanalytisk perspektiv. Bergen: Universitetet, 1993

Reiakvam, Oddlaug: Knut Knudsen - ""Ljosskrivar"" i Jotunheimen, Norveg 1993

Sunnmørsposten 06.11.1982

Telemark Arbeiderblad 29.10.1988

Vestfold Arbeiderblad 01.11.1988"

Østfold fylkes billedarkiv, 1992

Bergens Tidende 03.10.1988, 12.12.1988, 17.06.1989, 20.06.1989, 05.03.1990, 10.01.1991 og 16.01.1991

Bonge, Susanne: Eldre norske fotografer, 1980

Digranes, Åsne, Solveig Greve og Oddlaug Reiakvam: Det norske bildet, 1988

Gula Tidend 15.10.1988

Morgenstern, Neil: Fotograf Knud Knudsen: bilder fra en nylig oppdaget samling, 1993

Morgenstern, Neil: Knud Knudsens brefotografi, i Norsk Fotohistorisk Årbok 1985/86

Reiakvam, Oddlaug: Fotografi: kulturhistorisk lagervare eller etnologisk kjelde? H.oppg. Bergen: Universitetet, 1989

Skorgevik, Kjell: Fotografer i Ålesund i glassplatenes tid, 1985