Fehr, Johan v. d. jr.

(1873-1917)

Født i Bergen 9. februar 1873. Son av fotograf Johan v. d. Fehr d. e. og Helchine Magdalene Eckhoff. Gift med Agnes Rasmussen (29.4,1872-), dotter av Rasmus Johan Rasmussen og Marie Larsen, 3 barn. Opplærd av faren, reiste så i 1892 til Amerika, og då han kom tilbake dreiv han ei stund i 1890-åra saman med faren "Brødr. Larms atelier". Dreiv så faren sitt firma i Bergen ei tid, inntil dei selde det etter Bergensutstillingen i 1898, der han var ein av utstillarane. Faren flytta til Norheimsund, og Johan overtok systrene sitt atelier på Voss, og dreiv det til i 1917. Ved folketeljinga 1900 for Voss er han oppført som ein av tre fotografar i bygda. Han var då gift med Agnes (f.1872,Askøen), og var busett på G.nr.48, B.nr.8, Vossevangen.

Over : Lysing i lokalavisa "Hordaland" 14/2-1917, i samband med at Per Braaten hadde kjøpt fotoforretningen hans.

Johan døydde på Voss 19/7-1917, og vart gravlagd 25 juli dette året. Firmaet vart overtatt av Per Braaten.

1892-1898: Bergen

1898 ca-1917 ca: Vossevangen

Voss Folkemuseum

Bonge, Susanne: Eldre norske fotografer, 1980

Avisa "Hordaland", 10/2-1917, 14/2-1917, 17/2-1917