Braaten, Per

(1893-1944) portrett

Født i Gol 19. september 1893. Son av fotografEmbrik T. Braaten og Henriette H. Olsgaard. Gift 1917 med Margit S. Viljugrein, dotter av Syver A. Viljugrein og Ambjørg K. Tuv. Læretid hjå faren og tanta Ingebjørg, og frå 1908-09 hjå hoff-fotograf Anderson i Christiania. Mesterkurs Bergen 1930. Overtok i 1909 saman med tanta farens atelier i Gol og Ål, og arbeidde der til 1917. I 1917 flytta han til Voss, der han kjøpte Joh. v. d. Fehrs atelier på Vossevangen, etablert 1882.

Over : Lysing i lokalavisa "Hordaland" i februar 1917

Over : Lysing i tre nummer av lokalavisa "Hordaland" i mars 1917

I 1920 kjøpte han og v. d. Fehrs hus, og oppga samme år at han hadde overtatt Peter W. Knops (fra Troms) fotograffirma på Voss, etablert 1913 (inkl. "Voss Tobakk & Konfektforretning").

I 1939 overtok han også Mimi Jansens forretning, etablert 1895 og hennar eigendom. Fra før 1920 var han i kompaniskap med Knut Viljugrein. Per døydde på Voss 26. september 1944, og vart gravlagd på Gol. Enkja dreiv firmaet vidare, til det vart seld til Ole Skredegaard i 1946. (Margit Tveito, Ål, opplyser at det var Braatens syster, Hjørdis, han overtok etter.) Bortsett fra Mimi Jansens arkiv vart alt øydelagt under tyskarane si bombing i 1940, men hennar arkiv vart øydelagt ved ein brann ca. 1958.

1909-1917: Ål i Hallingdal

1909-1917: Gol i Hallingdal

1917-1944: Voss

Magnus Dagestad-museet. Fotosamlinga, Voss Folkemuseum

Horda Tidend 08.01.1988

Norske fotosamlinger, 1989

Bonge, Susanne: Eldre norske fotografer, 1980 (interfoliert utgave)

Norske Håndverkere