Vinje, Peder P.

Kjend vossing i Amerika død.
Peder P. Vinje, ein kjend og vyrd vossing i Amerika, er nyleg død, 71 år gamal.
Han var fødd på Vinje i Tjukkebygdi og reiste som ung gut til Amerika. Han busette seg i Chicago, der han dreiv som byggmeister. Eit par gonger var han heim og vitja skyldfolk og vener.
Peder Vinje hadde ei særleg umsut for nykomarar frå Voss. Han tok seg av mange slike og hjelpte dei til rettes på ymse måtar. Heimen hans stod alltid open for nykomarar, og det er mange som minnest han med takk for den hjelp han gav dei den fyrste vanskelige tidi i det nye landet.
Elles var han sterkt kristeleg interessert og var medlem av Hauges synode i Chicago. I mange år var han og med i styret for kyrkjelyden. Sundagsskulearbeidet låg han varmt på hjarta, og han tok mykje del i det.
Han var gift med Marta O. Kløve frå Voss, syster til avlidne David O. kløve. Kona og dei 3 sønene liver att etter han. Den eine av sønene er prest.
Jordferdi hans var frå den kyrkja han høyrde til, og so å segja heile kyrkjelyden fylgde han til den siste kvilestaden.

Dødslysing :
Min kjære mann, vår gode far og vår bror Peder P. Vinje
døydde i Chicago 24. juli, 71 år gamal.
Marta O. Vinje f. Kløve, borni (U.S.A.)
Ingebjørg Kløve f. Vinje, Herlaug Vinje.

Kjelde : Avisa Hordaland 22/8-1931.