Andrew White død.
Andrew White (Anders Vethe) var fødd på garden vethe i Vestbygdi 25. Okt. 1892.
Han døydde i Elgin, Illinois, 10. Nov.
Den 8. Nov. 1920 vart han gift med Francis Thomas frå Montevideo, Minnesota.
Dei hadde 8 born, 5 gutar og 3 gjentor.
Anders kom frå ein familie der dei var 10 born,
og som nær sagt alltid i slike høve måtte dei ut og tena sitt brød i ung alder.
Anders reiste til Amerika då han var 15 år gamal.
Han arbeidde på ein farm i Montevideo, Minnesota, nokre år, men kom seinare inn i målarfaget som han heldt fram med.
Dei flytte til Chicago og var der ein god del år. Anders fortalde at dei tronge og tunge 30-åri var det ofte vanskeleg å finna nok arbeid til å tena til mat og klede til familien.
Dei flytte seinare til Chrystal Lake, Illinois, men etter ein del år flytta han og kona og dei to yngste gutane i Bemidji, Minnesota, der han kjøpte farmen etter syster si som døydde.
Han tok fatt og moderniserte og pussa opp so han til slutt hadde den finaste plassen i heile grannelaget, og då grannane såg dette, fekk dei ogso feberen til å gjera det same. So takk til Anders, han var ein fyregangsmann for dei.
Anders hadde stor interesse for farming og krøteravl, men på grunn av sviktande helse selde han farmen siste sumar, og han og kona og ei systerdotter tok ein ferietur til Noreg der han endå ein gong fekk vitja si kjære heimbygd og vener og skyldfolk, til stor hyggje og glede for dei alle.
Endå alle me som kjende han visste at helsa hans ikkje var den beste, var dødsbodet likevel uventa. Alle som kjende han vil sakna han mykje.
Guds fred over hans minne !
John Eide
Kjelde : Avisa Hordaland 4/12-1968