Dødsfall.
Tidlegare fargar Hans T. Vambheim, Ulvik, er død, nær 89 år gamal.
Hans Vambheim var av den kjende Ribe-ætti i Hardanger og dreiv i mange år som fargar på Voss. Frå 1884 til 1907 hadde han huseigedom på Vangen. Då han selde eigedomen sin her, flytte han tilbake til Ulvik og kjøpte eit småbruk som han no har dyrka godt upp og planta noko frukttre på. Siste åri budde han i ein einebustad son sonen Torkild bygde til han.
Hans Vambheim var sterkt interessert i det kristelege arbeidet og fråhaldsarbeidet og den tid han var på Voss var han mykje med i misjonsarbeidet og sundagsskulearbeidet.
Han var gift to gonger. Fyrste kona hans var Kristi Helleland frå Ullensvang. Ho døydde i 1903. Seinare vart han gift med Brita Narheim som døydde for 3 år sidan.
I fyrste ekteskapet hadde han tre born, ei gjente som er død og to gutar som reiste til Amerika. Kristian, var med i verdkrigen og er no forretningsmann i California. Den andre sonen er den kjende oljedirektøren Torkild Riber i Texas Co. Torkild Riber er no i Roma, men det er uviss om han får tid å koma heim i faren si gravferd.
Kjelde : Avisa Hordaland 6/1-1940