Tverberg, Svein S.

Misjonsprest Svein S. Tverberg, Northfield, Minn., USA, fyller 85 år 4. januar.
Han er fødd på Voss i 1903. Han dreiv fyrst med farmararbeid, men gjekk so på misjonærskule, vart ordinert til misjonsprest og har vore misjonær på Madagaskar i mange år.
Misjonsprest Tverberg fortel i eit brev til redaksjonen at han har lese «Hordaland» i 75 år. Han var berre 10 år då han tok til å gå inn på prenteverket til P. J. Melvær og var seinare ein god ven med Lorentz Nybø, som bad han skriva til bladet.
Eg las «Hordaland» so lenge eg var i Noreg, det fylgde meg til Madagaskar og tilbake til Amerika, og kjem framleis, skriv han.
Dette fortel at misjonsprest Tverberg er ein mann som har sterk interesse for heimbygdi.
Me ynskjer han til lukke i høve 85-årsdagen !

Kjelde : Avisa Hordaland 4/1-1962.