Gjæv vossing i Amerika død.
Det var ein heilt uventa og tung bodskap som kom då me fekk melding om at Erick Tveite frå Beresford, S. dakota, var død. Serleg kom dette uventa på meg og kona, som berre fire dagar i førevegen var gjester i den koselege heimen deira i Beresford.
Erick vart brått sjuk den 18. September og ein månad seinare døydde han på eit sjukehus Sioux Falls, S. Dakota.
Me vil lenge minnast den hyggjelege visitt me hadde med Erick og Anna i deira gjestfrie heim den 14. september, då me var på ferietur vestover. Det var interessant å høyra Erick og kona fortelja frå turen sin heim til Voss for eit par år sidan og frå livet på farmen heilt sidan 1909. Som han Erick sa : «det har vore utrulege forandringar både i farming og anna sidan den tid eg fekk start her i 1909.»
Kjelde : Avisa Hordaland 28/11-1962