Sjur (Sievert) Dymbe

Vossaamerikanaren Sjur (Sievert) Dymbe døydde sundag 30.august // skrive feil i avisa, må vera 30. juli //  i Milwaukee, USA, 68 år gamal.
Sjur Dymbe reiste til Amerika i 1927, 22 år gamal, for å vitja brørne sine i Minnesota og Wisconsin. Han tok seg arbeid i eit blomegartneri og arbeidde der i 40 år for same mannen.
I 1940 melde han seg så snart råd var som frivillig til den 99. Viking Batallion som var skipa av president Roosevelt for norsktalande. Seinare kom han til England som etterretningsmann og deltok i planleggjinga for å frigjera Noreg. I 1945 kom han til Noreg for første gong sidan han reiste til Amerika. I 1967 var han heime for andre og siste gong.
Etter krigen tok han opp att sitt kjære arbeid for Noreg og Voss i Amerika. Han var formann i Vossalaget i ei årrekkje til han i 1966 vart vald til ærespresident. Han var m.a. livsvarig medlem av Nordmannsforbundet og var med å skipa Skandinavian Society.
Han var og med i Scandinavian-American Foundation som arbeider for å halda oppe skandinavisk kultur, og i dei norsk-amerikanske sogelaget samlar soge om norsk-amerikanarar. Dymbe vart aldri trøytt av å finna ut om korleis norsk-amerikanarane streva med å byggja landet.

Dødslysing :
Vår kjære Sjur (Sievert) Dymbe
døydde i Milwaukee, U.S.A. 30. Juli 1972, 68 år gamal.
For slekti på Voss : Lars Dymbe


Kjelde : Avisa Hordaland 2/8-1972