Rongve, Anders Tormodson (Andrew Rogers)

Min kjære mann, vår gode bror og farbror
Anders T. Rongve
døydde den 4. august 1951 i Minot, N. Dakota, 66 år gamal.
Berta Rongve (USA).
Brynjulf Rongve.
Rognald Rongve.
Brorborn.

Kjelde : Avisa Hordaland 11/8-1951

Store gåvor frå Amerika til Voss barneheim og Voss Gamleheim.
Avlidne Bertha Marie og Andrew Rogers har testamentert 12000 dollar til kvar.
Gjenom Utandiksdepartementet er det kome melding til Voss barneheim og Voss gamleheim om at Andrew Rogers og kona Bertha Marie har testamentert 12.000 dollar til kvar av desse institusjonane (i norske pengar om lag kr.168.000,-). Bertha Marie Rogers døydde i Wisconsin 31. juli i år. Mannen er avliden tidlegare.
Andrew Rogers var fødd på Voss 27. februar 1886. Namnet hans var Anders Tormodson Rongve. Han reiste til Amerika i 1906 og bridga då namnet sitt til Andrew Rogers. Han busette seg i Minot, N. Dakota, og dreiv som farmar og byggmeister. Kona hans var frå Toten. Dei hadde ikkje born. Det er ogso testamentert gåvor til kyrkja og gamleheimen i hennar fødebygd, Kolbu på Toten. Elles har dei gjeve pengar til ymse institusjonar i Amerika.


Kjelde : Avisa Hordaland 8/9-1956