For to år sidan var Guri og Edward Wigdahl, som er busette i USA, ein tur til Voss, og dei lika turen so godt at dei har vore heim ein tur i sumar òg. Dei var fyrst i Frankrike og Tyskland før dei kom til Voss. Fru Wigdahl er fødd på Voss. Far hennar, Anders K. Raugstad, var byggmeister på Voss i fleire år. Han bygde og budde i det huset ved Vossebrui som vart nytta til kontor då Hardangerbana vart bygd. I 1909 reiste han til Amerika og dreiv i bygnings- og snikkarfaget der. Borni Guri og Knut reiste òg over. Guri var 15 år den gongen og har vore busett i Amerika i 56 år. Ho er gift med Edward Wigdahl. Han er fødd i USA, men foreldri hans var frå Trøndelag. Han dreiv ei elektrisk forretning i Chicago. Den har han no gjeve over til sønene og er busett i Florida. I Florida er det sol kvar einaste dag, fortel Wigdahl Wigdahl som talar reinspika vossamål. Om det regnar litt ein dag, er det ikkje lenge før soli skin att. Torsdagskvelden hadde Guri og Edward Wigdahl bede hennar skyldfolk og kjenningar på Voss til ei festleg samkome på Hotell Vossevangen. Om lag eit halvt hundre var samla. Per Berge høyrer til ætti, og han gjorde lukke med kåseri og Sivle-stubbar. Millom dei som var med på samkoma var Martha Rockne Stiles. Ho var dotter til Lars Rockne, som var fødd på Vangen og i 1893 reiste til Amerika og busette seg i Chicago. Kona og tre born i alderen 9 til 3 år, to gjentor og ein gut reiste over to år seinare. Guten var 5 år, heitte Knut og vart den kjende fotballinstruktøren Knute Rockne, ein av dei mest kjende idrottsmenn av norsk ætt i Statane. Som me veit miste han livet ved ei flyulukke. Knut hadde fire systre, og den eldste av dei er den einaste av syskinlaget som lever.
Fru Martha Rockne Stiles var berre tre år då ho reiste til Amerika og ho har ikkje vore heime før no, 75 år etter. Fru Stiles bur i Chicago der mann hennar har drive ei assuranseforretning, men er slutta med det no. Dei har 3 born. So ung som fru Stiles var då ho reiste kan ho ikkje segja om ho hugsar noko frå Voss. Ho har høyrt so mykje om heimbygdi og at ho ikkje kan segja om det er noko som sit att i minnet eller det er slikt som ho har høyrt av foreldri sine eller andre. Ho likar godt minnesmerket som er reist på Voss over broren og er glad for at han er vorten heidra i fødebygdi.
Guri og Edward Wigdahl skal reisa tilbake til Amerika i morgon, fru Martha Rockne Stiles, som er nærskyld med familien Rokne på Vangen, skal reisa tilbake onsdag.
Kjelde : Avisa Hordaland 5/8-1967