Dødsfall.
Fru Martha Johnson, fødd Ringheim, er død i USA, nær 99 år gamal.
Ho var fødd på Voss i 1875 som dotter til Nils og Kari Ringheim. Då ho var 18 år drog ho saman med broren til Wisconsin. I 1899 gifte ho seg med Amanuel Johnson i Chicago, deretter budde dei i Iowa nokre år før dei i 1910 kom til Rosebud County, der dei budde til dei flytte til Forsyth, Montana i 1950. Mannen døydde i 1959. Ho let etter seg 6 døtre og 2 søner, 10 barneborn, var oldemor til 14 og tippoldemor til 1.
På 98-årsdagen vart ho intervjua av amerikansk radio, der ho fortalde om livet sitt og song ein norsk song.
Kjelde : Avisa Hordaland 19/12-1973.
Ringheim, Martha Nilsdtr. (g.Johnson)