Repaal, Erick

Heime frå Amerika for fyrste gong på 49 år.
Det er berre Lønehorgi og dei andre fjelli som er dei same, segjer Erick Repaal,
som er smed i eit farmardistrikt.

For mange år sidan var det ein ung smed frå Vossebygdene som reiste til Amerika. Det var flaue tider og vanskeleg om arbeid då han kom bort, og han snudde like godt heimatt med det same.
- Nei, men kjemmù du alt attu, sa folk med ein flir i augnekroken.
- Dei hadde sme` før, svara han turt.

Slik gjekk det ikkje med Erick Repaal, som reiste til Amerika i 1905. Han òg var smed og hadde drive som smed i Skulestadmoen eit par år dør han reiste. Han kom til eit distrikt der dei hadde bruk for ein dugande smed, og slo seg til der for godt.

Det er i Dallas i Wisconsin han er busett, og i sumar har han vore heime for fyrste gong sidan
han reiste.

Han kom heim 2. juni og reiste att i går. Han fekk ikkje plass med dei norske båtane, og skal difor reisa over Atlanteren med ein av båtane til Cunard-lina.

Erick Repaal fortel at smidja hans i Skulestadmoen stod der handelsmann Hjørnevik no har lagerhuset sitt. Han reiste med ein gong til dallas i Wisconsin. Før han fekk seg eigen verkstad arbeidde han som smed i dei store skogane. Den gongen køyrde dei alt tømmeret fram med hest, og det var mykje arbeid med skoing og vøling av køyrereidskapar.

Det var eit hardt liv for dei som arbeidde i skogane, segjer han. Dei laut ut i skogane i stumande myrker. Maten dei fekk send ut til seg, sat dei på snøhaugane og åt.
Det var store skogar i det distriktet han er busett. Enno er der mykje skog att, men mykje vart hogge av store komgani som kjøpte opp skogeigedomar. No er dei gått i gang med å planta skog, slik som her heime.

Smedverkstaden har Repaal drive til nyleg. No er det ein av sønene som driv verkstaden.

Erick Repaal var gift med Kari Larsdotter Flatekvål, som døydde i 1950. Dei fekk 10 born, 9 gutar og ei gjente, men den eine av gutane er død.

- Kva arbeid er det De serleg har havt på verkstaden ?
- Det er reperasjon av alle slag reidskapar. Verkstaden er i eit farmardistrikt, og den fyrste tidi var det mykje hesteskoing. No er det om lag slutt med hest på farmane, so det me driv med no er reperasjonar av plogar, slåmaskinor, bilar, traktorar og sjølvbindarar. Verkstaden har eit sveiseapparat som er montert på ein tilhengjar, er noko gått sund i ei maskine, køyrer me ut på farmen og sveiser det saman. Me har elles tre elektriske motorar og to dreiebenker, ein for stål og ein for tre.

- Verkstaden har vel soleis vorte meir og meir en mekanisk verkstad ?
- Ja, ein kan vel segja det.
- Hender det ofte at reidskapar og maskinor kjem i ustand ?
- Dei bryt mykje meir sund med traktor enn med hest. Ofte vert det sett unge gutar på traktorane, og dei har ingi røynsle, køyrer berre på, og so går det gale.
- Dei brukar vel mykje skurtreskjar ?
- Ikkje der eg er. Dei held mest på sjølvbindarar, av di det er vanskeleg å få kortet so turt at det høver med skurtreskjar. Lenger vest er det turrane klima, og der brukar dei mest skurtreskjar.
- Korleis var det å kome heimatt til Voss etter so lang tid ?
- Når eg steig av på stasjonen og såg innover vangen, var det ikkje noko eg kjende att. Alt var borte : Holbergsfura, tingstova og kjerringstova. Andre stader i bygdi har det òg vore store omskifte. I Steintræet i Kytesgrendi var det berre tre hus for 50 år sidan, no er der som ein liten by. Hellebergi er heller ikkje til å kjenna att. Og i Skulestadmoen, der det no er bygt so mykje, var der ikkje andre hus enn mylna ved Dugstadfossen og so ei sag. Og i Haugemoen, som er vorte ein liten by for seg sjølv, var det berre 3-4 hus då eg reiste. Det er einast Lønehorgi og dei andre fjelli som er dei same. Eg stod ein kveld på haugo og såg ut over Vangen og bygdi etter at alle ljosi var kveikte. Det synet totte eg var so vakkert at eg gløymer det aldri.
- Og De har trivdes godt desse månadene på Voss ?
- Ja, det har vore gilde dagar, og eg må få lov til å bera fram ei takk til alle som har vore so venlege mot meg. Ei serskild takk til Mons Lemme, der eg har budd i sumar, og til Henrik Kleive og huslyden hans i Hyllestad i Sogn.

Kjelde : Avisa Hordaland 13/10-1954