50 år.
Heradsskogm. Kjartan Nybø, Florø, fyller 50 år 4. Juni.
Han er fødd på Voss og tok eksamen på skogbruksavdelingi ved Noregs Landbrukshøgskule i 1923. Han arbeidde so nokre år hjå ymse skogeigarar i Øysterdalen.
Frå 1927 til 1938 var han i Britisk Columbia i Canada. Der arbeidde han på ein planteskule i Vancouver og for ymse skogsdrifter, sagbruk og papirfabrikkar. I 1930-31 var han med på fyrelesingar og labaratorieøvingar på universitetet i Vancouver.
Han kom heimatt til Noreg i 1938 på vart sett til heradsskogmeister i Vinje og Rauland i Telemark.
I 1939 vart han sett til heradsskogmeister for kyststroket i Sogn og Fjordane og sidan 1943 har han vore heradsskogmeister for Sunnfjord.
Me ynskjer til lukke med 50-årsdagen !
Kjelde : Avisa Hordaland 1/7-1950
Dødslysing :
Min interleg kjære mann, vår gode far, min son, verson, vår bror, verbror, farbror og morbror
Heradsskogmeister
Kjartan Nybø
døydde på Voss i dag, 56 år gamal.
Voss/Florø 15. aug. 1956.
Gudrun Nybø, f. Saxeide.
Loretz. Torstein. Ingvild.
Ingeborg Nybø. Marie Saxeide.
Sysken. Versysken.
Bror- og systerborn.
Gravferd frå Florø kyrkje torsdag 23. august.
Kjelde : Avisa Hordaland