Nestås, Peder A. (lækjar)

Vosse-amerikanaren Peter Nestås har vitja heimbygdi for 5. gong på 54 år.
Tykkjer Vangen stendig vert vakrare, men vert aldri so fin som heimstaden hans, Pompano Beach i Florida. For 54 år sidan drog Peter Anderson Nestås til Amerika, det var i 1903, og i sumar har han vitja heimstaden for 5. gong på desse åri.

Me fekk høve til å tala med han her ein dag på Dalane Fjellstove, der han har budd ei tid hjå systerdotter si, Kari Wærnes. Og då me kom opp der, sat han og venta med spaning på at lunsjen skulde verta ferdig. Han hadde nemleg vorte lova blodpudding, og det hadde han lengta etter i alle desse 54 åri. Heilt sikker var han ikkje på om smaken var slik som han hugsa han, menhan hugsa rett, og sette blodpuddingen til live med tydeleg hugnad.

Han har elles vore lenge heime denne gongen Peter Nestås. Den 27. juni kom han til Oslo, og den fyrste tidi var han på Austlandet saman med syskinbarnet sitt, Einar Nestås, som er lækjar i Moss. Den tidi han har vore her på Voss har han og nytta godt, fortel han, men veret har han ikkje vore nøgd med. Berre fire dagar sol på heile denne tidi, so han har ikkje fått sett so mykje kringom i bygdi som han var tenkt til. Men han har no fått helsa på slekti, dei to systrene Anna Dagestad og Ingebjørg Seim, og yngste broren, Olaf Nestås. Det var so mange fleire eg skulde ha tala med no når eg har vore heime, segjer Nestås, men det har ikkje vorte høve til det. Ein tur til støls har det heldigvis vorte tid til. I 10 dagar var Nestås på Øyaset og freista fiskelukka, men fisk vart det heller lite av. Det er ikkje råd å få fisken til å bita i dette kalde været, meiner han, og han er visst ikkje den einaste som har gjort den røynsla.

- Nei, då har han det betre heime i Florida. Der er det aldri for varmt og aldri for kaldt, finaste klimaet i verdi – og finaste plassen. Rett nok kan det vera opp i 35 varmegrader, men dei har alltid ein frisk havbris som gjer det kjøligare. Pompano Beach heiter plassen der han bur, og der har han budd i dei siste fire åri, etter at han drog seg attende frå lækjarpraksisen sin.
- Då Peter Nestås kom til Amerika 18 år gamal, byrja han fyrst med å gå på skule. Etter ei tid kom han inn på universitetet i Nord Dakota, og seinare gjekk han på Rush Medical Collage i Chicago. Der vart han utdanna som lækjar, og tok til å praktisera i Minot i Nord Dakota. Ei tid dreiv han saman med to andre lækjarar St. Luke Hospital, og i 1928 byrja han privatpraksis som kirug i Bristol, Connecticut. Denne dreiv han til 1. juli 1953. Dp kjøpte hanseg tuft på ei liti øy i Pompano Beach. Berre 185 tufter er det på øyi, alle på om lag eitt mål, og husi er låge vakre villaer. Ein finare stad å bu finst ikkje, so eg vilde ikkje byta med nokon, segjer Nestås.
- - Men det er no ikkje so verst på Voss heller ?
- Nei, det er gjort store framsteg, og eg tykkjer at Vangen vert ein finare og finare by. Dei har fylgt utviklingi her heime òg, og serleg i jordbruket tykkjer eg. Det på alle område no, og berre sidan eg var heime sist, i 1948, har det vore ei rivande utvikling.
- Kva tykkjer De om lækjarvitskapen her i Boreg då, har han og fylgt med utviklingi ?
- Ja, det må eg segja. Sjølvsagt kan det ikkje verta det same her som i Amerika, for der vert det kvart år gjeve store summar, både av staten og private, til forsking. Og skal ein koma nokon veg trengst det mange pengar til forskningsarbeidet, slik at dei som steller med dette arbeidet kan ofra seg heilt for det.
-
Peter Nestås er bror til den kjende advokaten Rognald A. Nestås, som m.a. var senator og guvernør i Nord Dakota.

Nestås drog attende til Amerika onsdagskvelden, menhan meinte det ikkje vilde gå so lang tid før han kom på vitjing til Voss att. Truleg vert det om eit par år, dersom eg har helsa til det, sa han. Og trass i sine 72 år såg han ut til å ha helsa til å koma att både ein og fleire gonger i åra frametter.
Trip.


Kjelde : Avisa Hordaland 21/9-1957

 

Dødslysing :
Vår kjære bror og onkel
dokter
Peder A. Nestås døydde 13. januar 1966 i Santa Barbera, California, USA,
etter ei kort sjukelege, 80 år gamal.
For slekti på Voss :
Ingebjørg Seim, syster
Olaf Nestås, bror


Kjelde : Avisa Hordaland